annonse

Politireforma startar no

UTE MELLOM FOLK
UTE MELLOM FOLK: – Heilt konkret betyr dette at vi skal vere meir ute blant folk og sitte mindre bak pulten. Vi skal vere i forkant av kriminaliteten og tenkje førebygging i alt vi gjer, skriv Kaare Songstad, politimeister i Vest politidistrikt. (Foto: Rolf Tepstad/Arkiv)

Etter to år med omorganisering i Vest politidistrikt, er det no endringane skal skje. Vi er så vidt i gang.

Politiet har fått kritikk for ikkje å ha følgt med i timen. Det skal politireforma gjera noko med. Politiet skal skapa tryggleik der du bur, samstundes som vi handterer endra og stadig meir grenselaus kriminalitet.

Første nyttårsdag 2016 gjekk startskotet for politireforma. I over to år ha Vest politidistrikt gjennomgått ein omfattande omstillingsprosess. To politidistrikt har blitt til eitt. To operasjonssentralar er slått saman til ein.

Organisasjonskartet er teikna på nytt, leiarstillingar er lyst ut og tilsette er innplasserte i ny organisasjon. Alle tilsette har difor vore fått merke reforma på ein eller anna måte.

I DAG, TORSDAG 1. mars er ein merkedag for oss. Datoen markerer slutten på omorganiseringa og starten på dei eigentlege endringane. Politireforma handlar mest om å etablere nye arbeidsmetodar for å skape eit sterkare og meir moderne politi. Med ny organisasjon er grunnmuren på plass. No startar arbeidet med å fylle reforma med innhald.

Utviklinga i samfunnet gjer at kriminalitetsbiletet endrar seg. Dette stiller nye krav til måten vi jobbar på. Sporadiske tiltak og spesialprosjekt som Dark Room er ikkje nok i møte med komplisert, alvorleg og grenseoverskridande kriminalitet. Politireforma handlar om ein grunnleggjande endring i måten vi jobbar på.

Heilt konkret betyr dette at vi skal vere meir ute blant folk og sitte mindre bak pulten. Vi skal vere i forkant av kriminaliteten og tenkje førebygging i alt vi gjer. Vi skal utvikle spesialistmiljø for å styrke innsatsen i dei større og tyngre sakene. Og sjølvklart skal vi ha beredskap for å kunne takle ulike hendingar i heile distriktet. Og det er på høg tid at politiet blir meir synleg og tilstade på nett og i sosiale media. Kort sagt, vi skal skape tryggleik der folk bur og ferdast, både fysisk og virtuelt.

AMBISJONANE BAK POLITIREFORMA er store. Fleire har sagt at dette er umogleg å gjennomføre utan at det går på kostnad av noko. Det er heilt korrekt. Politiet må alltid prioritere mellom viktige oppgåver. Det er vanskeleg og gjer vondt for dei som blir nedprioritert. Det er likevel eit grunnleggjande prinsipp i eit demokrati at politiet verken kan eller skal vere i stand til å løyse alle utfordringar.

No skal satsinga på ny teknologi, auka kompetanse og nye arbeidsmetodar hjelpe oss å byggje eit politi for framtida. Eit godt eksempel på dette er politipatruljen. Dei tek vare på beredskapen lokalt med klare krav til responstid, samstundes som dei skal jobbe førebyggjande og utføre politiarbeid på staden. Politipatruljane i heile distriktet er utstyrt med teknologi og kompetanse som gjer dei i stand til å etterforske og løyse saker der og da. Ved å sikre spor og gjere lydavhøyr ute, slepp ein å møte hos politiet i ettertid. Det fører ikkje berre til mindre kontortid og kortare sakshandsamingstid. Det frigjer også ressursar til å jobbe med andre prioriterte saker.

POLITIETS HJARTE ER framleis i operasjonssentralen. Derfrå leiar og koordinerer vi politiets operative verksemd, både i dagleg drift og ved ekstraordinære hendingar. I samband med politireforma styrkjast bemanninga og kompetansen slik at operatørane blir gode støttespillarar for politipatruljane som driv straksetterforsking ute.

Politiet skal også bli betre på å systematisere og analysere informasjon for å kunne gjere riktige prioriteringar. Ei viktig informasjonskjelde er dei kommunale politirådene. Alle kommunar har fått ein eigen politikontakt som skal samarbeide tett med kommunane og lokale aktørar. Politikontakten skal òg vere ein viktig rådgjevar i kommunens kriminalitetsførebyggjande arbeid.

Eit anna effektiviserande tiltak er politidistriktets nye, felles straffesaksinntak. Det skal sikre riktig innsats i straffesaker frå start. Frå eit døgnbemanna kontor held etterforskingsleiarar og juristar tett dialog med operasjonssentralen og politipatruljane ute. I løpet av minuttar kan dei hente opp lyd, bildar og rapportar sendt frå patruljen og raskt avgjere kva som skal skje vidare med saken. Mindre saker løysast raskare og alvorlege saker får den naudsynte prioriteten dei treng.

MEDAN DEN TRADISJONELLE polititenesta skal betrast, opprettar vi nye fellesavdelingar som skal jobbe på tvers av heile distriktet og støtte politiet lokalt. Felles eining for etterretning og etterforsking byggjer no spesialistmiljø som skal settast inn i dei tyngste og mest alvorlege sakene. Særs viktig blir arbeidet mot alvorleg volds- og seksuallovbrot, ikkje minst overgrep mot barn. For å lykkast i dette arbeidet må politidistriktet styrke kompetansen på etterforskingsfaget, i tillegg til at vi må bli betre på å avdekke datakriminalitet og sikre elektroniske spor. Vi har også fått ei ny avdeling som skal koordinere og styrke førebyggingsarbeidet, også på nett. Vi skal også trappe opp innsatsen mot arbeidslivskriminalitet. Samarbeidet med Skatteetaten, NAV, Arbeidstilsynet og lokale kemnerar er viktig både for å førebyggje, sikre velferdsstatens inntekter, skapa eit seriøst og trygt arbeidsliv og sikre like konkurransevilkår i utsette bransjar.

Lista over politiet sine satsingsområde er endå mykje lenger. Ein politireform vil ikkje løyse alt, men den hjelper oss til å jobbe annleis, meir målretta og effektivt. Det vil vere naivt å tru at vi treff blink på første forsøk. Justeringar blir naudsynt. Vi håper at innbyggjarar, politikarar, tilsette og media fortsetter å engasjere seg, men vi håper samstundes på ein tålmodig og konstruktiv tilnærming.

1. mars markerer starten på noko nytt. Gje oss litt tid til å komme i gang og la det få virke. Så skal vi levere eit endå betre politi.

Politimeister Kaare Songstad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.