annonse

– Prisverdig med omtale av stortingsfolka – men Hordaland bomma

FRÅ JERSIN TIL BJØRKE
FRÅ JERSIN TIL BJØRKE: Georg Burchard Jersin (1767-1827), Sjølvstendepartiet, Voss, var utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Her er han på måleri av Ragna Hennig-Larsen. (Foto: Museet Eidsvoll 1814 ved Solveig Dahl)

– Det er prisverdig at bladet såleis minner oss om soga til det norske demokratiet. Men her har Hordaland bomma stygt.

I laurdagsnummeret hadde Hordaland ein omtale av tidlegare stortingsmenn frå Voss og næraste bygdene i Hardanger. Det er prisverdig at bladet såleis minner oss om soga til det norske demokratiet. Ei styreform som no er 203 gammal i landet.

Då er det rimeleg å byrja med eidsvollsmennene våre. Men her bommar Hordaland stygt. Hordaland fylke - utanom Bydn - Søndre Bergenhus Amt, som det heitte den gongen, sende tre representantar til Eidsvoll for å utarbeida Grunnlova.

Hordaland har gløymt den eine; sokneprest på Voss, Georg Burchard Jersin.

Tenk å gløyma den eine av dei to frå Voss. Den eine av dei to som får krans på grava kvar bidige 17. mai.

Hordaland gløymer også Omframtstortinget hausten 1814. Det var vel det viktigaste av alle storting. Eg skal repetera historia, til glede for både bladfykar og lesarar.

Sverige var lova Noreg som løn for innsatsen i krigen mot Napoleon. Korkje Sverige eller dei sigrande stormaktene godtok norsk sjølvstende. Etter ein stutt krig der Noreg tapte, vart det avtala våpenkvild. Avtalen vart kalla Konvensjonen på Moss. Noreg godtok å gå inn i union med Sverige. Sverige godtok at Noreg skulle vera eit kongerike for seg sjølv med ei eiga grunnlov. For å ordna dette var det valt eit omframtstorting.

Etter Grunnlova hadde Søndre Bergenhus amt rett på fire representantar. Dei fire vart: Prost Niels Hertzberg, Ullensvang, skrivar Arnoldus von Westen Sylow Koren, Ullensvang, bonde Odd D. Kløve, Voss og bonde Torbjørn G Sandvig, Fjelberg. På Eidsvoll var der to frå Voss og éin frå Hardanger. No vart det to frå Hardanger, éin frå Voss og éin frå Sunnhordland. Den einaste eidsvollsmannen som vart attvald, var skrivar Koren.

Ovanfor nemnde eg at Omframtstortinget 1814 var særs viktig. Grunnen til det skal nemnast. Etter Mossekonvensjonen skulle Grunnlova ikkje endrast meir enn det som var turvande for unionen. Slik gjekk det ikkje. Svenskane føreslo endingar som kom til å gje Stortinget mindre makt - og Kongen meir.- Hugs at kongen fyrst og fremst var svensk konge.

Det enda med at Kongen fekk mindre å seia, og Stortinget meir. Stortinget lykkast

med det takka vera dugande politiske manøvrar. Mykje av æra tilfell bergensrepresentanten skrivar Wilhelm Friman Koren Christie (ein slektning av skrivar Koren frå Ullensvang), godt sekundert av ein annan bergensrepresentant, artillerikaptein Peter Motzfeldt.

Framigjennom tida ar der vore fleire stortingsmenn frå Voss og næraste hardangerbygdene utanom dei Hordaland nemner. Eg har ikkje freista å leita fram alle, men nokre fleire kan eg nemna.

Skrivar Koren var atter på Stortinget i 1818 i fylgje med sambygdingen Johannes P. Aga.

Frå Voss møtte Matias G. Dugstad i 1890-åra. Han vart då med i flokken som vedtok å byggja Bergensbanen.

Brørne Jakob Sverdrup Smitt og Livius Smitt (slektningar av venstrehovdingen Johan Sverdrup) var båe stortingsmenn i andre helvta av 1800-talet. Dei representerte ikkje Hordaland, men dei hadde tilknytnad til Voss med di far deira, Anton Elias Smitt, var sokneprest, seinare prost, på Voss 1852 - 1875. Prestesonen Livius var levande interessert i folkemusikk og spela sjølv hardingfele. Det kan vera verdt å minnast i desse kommunsamanslåingstider.

Aslak L. Helleve

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.