annonse

Rangsnudd

VOSS KOMMUNE
VOSS KOMMUNE: «No nyttar kommuneleiinga det triste resultatet av sitt eige vanstyre som argument for å flytta ressursar frå sjukeheimsomsorga til førebygging. Det vil i såfall vera ei rangsnuing av folkehelseperspektivet i samhandlingsreforma (2012)», skriv Arne Andersen i Ordet fritt. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Betre føre var enn etter snar. Det var staten sitt råd til dei kommunale helse- og omsorgstenestene i Stortingsmeld. 25/2006.

Staten synte til den venta relativt stabile utviklinga av folkesetnaden mellom 2010 og 2020. Kommunane burde då nytta høvet til å auka kapasiteten på alle felt i pleie- og omsorgssektoren (PLO) slik at dei var budde på «eldrebylgja» etter 2020.

Slik gjekk det her i Voss kommune: Folkesetnaden var relativt stabil, men pleietyngda auka. Likevel skar kommunestyret ned utgiftene til PLO med 14-15 millionar kr mellom 2012 og 2016. Det vart gjort ved å senka sjukeheimsdekninga og pleiefaktoren, og såleis auka misnøye og rekrutteringsproblem mellom pleiarane. Det vart gjort utan å auka utgiftene i heimetenestene. Dei er no skandaløst låge, men konsulentane skulle jo ha sitt, må vita.

No nyttar kommuneleiinga det triste resultatet av sitt eige vanstyre som argument for å flytta ressursar frå sjukeheimsomsorga til førebygging. Det vil i såfall vera ei rangsnuing av folkehelseperspektivet i samhandlingsreforma (2012). Det er verre at denne rangsnuinga er eit svik mot dei som aldri har fått noka førebygging, som er skrøpelege og einsame, men ikkje skrøpelege og einsame nok til å få sjukeheimsplass etter dei nye, effektive lågbudsjetta. Di meir kommunen «satsar på førebygging», di verre vert det å få sjukeheimsplass og di større vert gruppa som treng det utan å få det. Det er godt skjøneleg at kommuneleiinga ikkje vil ha nokon diskusjon om denne kyniske politikken.

Arne Andersen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.