annonse

Redaktøren sine krokodilletårer

– LØGNER
– LØGNER: – Redaktøren gjentek alle gamle vondsinna løgner og halvsanningar, skriv Olav Lægreid (biletet) på vegner av Bømoen AS. (Foto: Rolf Tepstad/Arkiv)

I leiaren i Hordaland laurdag 10. mars gjer redaktøren atter ein gong sitt beste for å auka konfliktsnivået rundt reguleringsplanen for Bømoen.

Under dekke av å liksom ynskja mekling og forsoning gjentek han alle gamle vondsinna løgner og halvsanningar. Dersom ein verkeleg ynskjer forsoning er vel viktigaste bidraget å få partane til å sjå framover og å leggja striden bak seg.

Redaktøren ynskjer heilt openlyst å halda liv i konflikten han har vore med og skapt. I denne leiaren nyttar han seg av eit gammalt og velkjent knep; gjentek ein løgnene mange nok gonger vert dei til sanningar. Og ja, dette virkar.

Redaktøren beklagar at saka om reguleringsplan for Bømoen har vorte ei mediasak. Skjønar ikkje redaktøren i Hordaland at det faktisk er han og avisa hans som har gjort dette til ei mediasak?

Kvifor nevner aldri redaktøren at Bømoen AS ynskjer å stilla størsteparten av eigedomen sin til disposisjon for alle andre enn seg sjølve. I Bømoen AS sitt framlegg til reguleringsplan er Bømoløypa sikra, flyplassen med tilhøyrande areal er sikra, den verna militærleiren er sikra, over halve eigedomen er sikra som friområde for lokalsamfunnet. Problemet med denne reguleringsplanen er tydelegvis at eigarane ynskjer å nytta eit lite hjørne av eigedomen sjølv. Redaktøren har aldri engasjert seg i sjølve reguleringsplanen for Bømoen, han har kun engasjert seg i konflikter. Det er konflikter som sel aviser!

Redaktøren tek sjølvsagt ikkje kontakt med oss i Bømoen AS for å få vita kva tankar og planar me har framover, mottoet er tydelegvis «aldri sjekk ei god historie». Redaktøren har skrive fleire leiarar i saka og meiner tydelegvis at han kan og veit alt om saka. Det framstår derfor som spesielt at han kun har teke kontakt med Bømoen AS ein gong siste halvåret, og då var det kun for å få ein kommentar til eit særs usakleg lesarbrev han skulle setja på trykk.

Herr redaktør: Det har faktisk av og til hendt at ei sak har hatt meir enn ei side!

Redaktøren har mykje å læra av leiarane i Voss IL og Voss Skiskyttarlag (to av dei fire eigarlaga i Sameiga Bømoløypa). Etter at brotet med Sameiga Bømoløypa var eit faktum tok dei kontakt direkte med Bømoen AS for å bidra til eit konstruktivt samarbeid i framtida.

For Bømoen AS, Olav Lægreid

Les redaktør Geir Geitle sitt tilsvar: Bømoen AS prøver seg med offerrolle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.