annonse

Rett kompetanse på rett stad

MÅ SATSA PÅ FAGUTDANNING
MÅ SATSA PÅ FAGUTDANNING: – Sett opp imot at eldrebylgja vil komma over oss i løpet av få år, kjem me til å mangla kvalifisert helsepersonell. Me må no møta denne utfordringa før det er for seint, skriv Olaug Kyte og Tone-Lucia Andreassen. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det er brei politisk semje i Norge om at det skal satsast på fagutdanning.

Sett opp imot at eldrebylgja vil komma over oss i løpet av få år, kjem me til å mangla kvalifisert helsepersonell. Me må no møta denne utfordringa før det er for seint.

Profesjonsnøytralt lovverk. Norsk helselovverk er for ein stor del profesjonsnøytralt; det vektlegg fagleg forsvarlegheit framfor profesjon. Så lenge fagarbeidarar har tilstrekkeleg opplæring, er det ingenting i vegen for at for eksempel helsefagarbeidarane kan utføra ein større del av oppgåvene enn dei gjer i dag. Det er kompetanse og eins eiga vurdering av denne som set rammene for det ein kan utføra.

Helsefagarbeidarar trengst! Helsefagarbeidarutdanninga er smidig. Det finst fleire vegar til fagbrevet, og folk kan jobba mens dei skaffar seg kompetanse. Om me gjev helsefagarbeidaren eit løft no, vil me ha mange erfarne helsefagarbeidarar til rådvelde om ti-femten år. Då vil me stå betre rusta til å møta dei utfordringane som ventar oss i helsesektoren.

Me er ikkje heilt der i dag! Det står mykje igjen før helsefagarbeidarfaget har den status og posisjon det bør ha. Fagforbundet vil mobilisera for å få fleire aktørar til å ta sitt ansvar og unngå at profesjonskamp kjem i vegen for eit heilheitleg tilbod og samarbeid i tenestene.

Bekymring for faget. Til tider høyrer me bekymring for at nyutdanna helsefagarbeidarar ikkje har den kompetansen dei bør ha. Mellom anna får våre tillitsvalgte i forbundet høyra at ferdig utdanna helsefagarbeidarar treng mykje opplæring i oppstartsfasen før dei kan jobba sjølvstendig. Me meiner at einkvar som er nyutdanna bør få tilstrekkeleg tid til å tilpassa seg ein ny arbeidssituasjon og fungera som meir rutinerte arbeidstakarar gjer, men Fagforbundet deler likevel bekymringa. Me meiner det trengst både kvalitetssikring og opprusting av utdanninga.

Mange lærebedrifter er ikkje heilt på høgde med kva slags ansvar dei tek på seg når dei tek inn lærlingar. For å skapa gode helsefagarbeidarar trengs det eit løft i rolla som rettleiar. Fagforbundet meiner at rettleiarar må få god opplæring i rolla som rettleiar. Tilstrekkeleg tid til å sjå og rettleia lærlingen er og noko det må setjast fokus på. Dette er viktig for å heva kvaliteten i utdanninga endå eit hakk.

Praksiskandidatordninga er ei god ordning. Den legg til rette for at mange med lang yrkespraksis skal kunna skaffa seg formalkompetanse, men også den har sine svake sider. Den nye ordninga «Fagbrev på jobb» vil kunna løysa nokon av dei problema, særleg knytta til praksis og opplæring, som ligg i praksiskandidatordninga.

Fagforbundet meiner: at me aktivt må møta samfunnet sitt behov for kompetente og fagleg trygge helsearbeidarar. Me ynskjer eit løft for helsefag­utdanningane.

Fagforbundet Voss vil gratulera alle helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og heimehjelparar med den Europeiske dagen for helse­fagarbeidarar som var 26. november.

De utgjer kjernetroppen i helse- og omsorgstenester, og de bidreg til pleie og omsorg av høg kvalitet.

For Fagforbundet Voss

Tone-Lucia Andreassen – yrkesseksjonsleiar helse- og sosial

Olaug Kyte – leiar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.