annonse

Ringeriksbanen – syrgjelege greier

ETTERLYSER OPPFYLGING
ETTERLYSER OPPFYLGING: – Eg har ei skummel kjensle av at Samferdsledepartementet stilt og roleg har lagt planforslaget for Ringeriksbanen til side, tilsynelatande utan å ha vorte arrestert av nokon som helst, skriv Ola Folkestad. Biletet er til illustrasjon. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

B.T. opplyser 4. juli at no er Ringeriksbanen utsett igjen. B.T. har m.a. snakka med Hilde Magnusson, dagleg leiar Forum Nye Bergensbanen. Ho seier at «No må vi berre halde presset oppe slik at vi kan få til byggestart i 2021»

På leiarplass 7. juli omtalar «Hordaland» saka. Her skriv redaktøren m.a. at organisasjonen Forum Nye Bergensbanen er på hogget med Hilde Magnusson i leiarstillinga, og at dei no treng støtte og påtrykk frå alle hald.

Det har redaktøren sjølvsagt heilt rett i. Og vi bør alle sjølvsagt fylgje opp så godt vi kan. Men då må vi også få visse om at presset vert sett inn på slik måte at vi i det minste kan ha ei viss von om at det har verknad på utfallet.

Sikkert er det at ingen bygging av Ringeriksbanen kjem i gang før det føreligg godkjent reguleringsplan for prosjektet, og før turvande grunnerverv er på plass.

Etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet (Sd) utarbeidde Bane NOR og Statens vegvesen eit ferdig forslag til reguleringsplan for Ringeriksbanen og E16 Skaret – Hønefoss. Sd hadde fastlagd premissane for planarbeidet. Planforslaget vart datert 02.02.2018 og vart i februar oversendt Sd for vidare behandling.

Planforslaget inneheld også ein plan for framdrifta. Eg tek med dei to første punkta:

2018: Vedtak av reguleringsplanen (mot slutten av året). Løyving av midlar til å starte grunnerverv.

2019: Grunnerverv, tilbodsrekning, forhandlingar m.m. Investeringsvedtak (mot slutten av året).

At denne framdriftsplanen vert oppfylt er ein heilt klar, og absolutt, føresetnad for det vidare arbeidet med prosjektet, m.a. at det fysiske arbeidet med banen kan starte opp i 2021 og med vegen i 2022.

Det føresette arbeidet med reguleringsplanen i 2018 har ei svært stram tidsramme, og krev difor ei svært aktiv oppfylging.

Sidan planforslaget vart oversendt til Sd i februar og til planen skulle vere endeleg vedteken har det no i praksis gått halve tida. Eg har så langt ikkje registrert at Sd verken har sendt planforslaget ut på høyring eller lagt det ut til offentleg ettersyn. Eg har difor ei skummel kjensle av at Sd stilt og roleg har lagt planforslaget til side, og då tilsynelatande utan å ha vorte «arrestert» av nokon som helst.

Så kjære Forum Nye Bergensbanen, med Hilde Magnusson i spissen, fortel oss heilt konkret kva press de har sett inn, og mot kven, for å sikre at den skissert framdrifta av arbeidet med reguleringsplanen, med tilhøyrande grunnerverv m.m. vert oppretthalden.

Ola Folkestad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.