annonse

Sal av Bømoen, igjen

KVA SKJER I 2023?
KVA SKJER I 2023?: Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune, meiner at det springande punktet i avtalespørsmålet omkring Bømoen og Mjølfjell/Brandset, er kva som skjer i 2023. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

Dette trur eg er tredje gongen eg svarar Arve Søgaard om prosessen rundt sal av Bømoen, og av den grunn blir svaret i stor grad repetisjon.

Skifte eigedom, Forsvaret sitt selskap for sal av forsvarseigedomar, ville selja Bømoen under eitt. Dette spørsmålet vart drøfta med Skifte fleire gonger. Frå Voss kommune si side var ikkje dette sjølvsagt. Me ynskte oss mellom anna vassressursen, infrastrukturen og flyplassen.

Her fekk me svar hjå Skifte i brev 2. juni 2012 om at vassressursen og infrastrukturen ville la seg gjera, men ikkje flyplassen. Eit viktig poeng for oss i høve flyplassen var sjølvsagt at den hadde me ein avtale med Forsvaret om fram til 2023.

Ei vesentleg side ved avtalen mellom Forsvaret og Voss kommune er at partane har gått inn med gjensidige rettar til kvarandre. Voss kommune fekk rettar på flyplassområdet i Bømoen, forsvaret fekk rettar til skytefeltet i Brandsetdalen. Situasjonen er no den at dersom avtalen skal forlengast, så eig ikkje Forsvaret lenger området på Bømoen som dei gjekk inn i avtalen med.

Trass i dette har Forsvaret gjennom Skifte stått fast på at avtalane står ved lag. Det vil seia at Voss kommune fram til 2023 stiller Brandset til disposisjon for Forsvaret og Forsvaret stiller flyplassområdet til disposisjon for kommunen. Dette er ordna ved at dei nye eigarane må halda seg til gjeldande avtalar mellom Forsvaret og Voss kommune.

Det springande punktet diskusjonen står og fell på, er fylgjande: Kva skjer i 2023? Svaret frå Forsvaret var fylgjande i 2012: Det kan me ikkje svara sikkert på. Dei ville ikkje ta stilling til ei problemstilling meir enn 10 år fram i tid. Voss kommune måtte på grunnlag av det erkjenna at me ikkje hadde moglegheit til å pressa fram ei avklaring sjølv om me ynskte det.

No er me der at det nærmar seg ein reguleringsplan for skytefeltet på Mjølfjell/Brandset. Voss kommune har ynskt ein reguleringsplan, fordi aktiviteten til Forsvaret bør skje innanfor ein vedteken plan. Ein ferdig plan tyder òg på at Forsvaret ynskjer å halda fram aktiviteten. Av den grunn må Voss kommune, som varsla tidlegare, ta opp hansken og be om reforhandling av makeskifteavtalen. Utgangspunktet for dei forhandlingane er fylgjande:

Makeskifteavtalen gjeld. Alle avtalar vart transporterte til ny eigar. Avtalen må reforhandlast i samband med reguleringsplan for Mjølfjell/Brandset, då Voss kommune legg til grunn at Forsvaret blir verande på Mjølfjell/Brandset utover 2023. Utgangspunktet for ny avtale vil vera gjeldande avtale.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.