annonse

Smart og/eller straumlaus

AVANSERTE STRAUMMÅLARAR
Avanserte straummålarar: – Det er ingen som er pålagt å ha straummålar, det er faktisk like frivillig som det er å vera på Facebook, seier Gunnar Løkkebø. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Jostein Eliassen spør i Hordaland 4. april: «Har folket blitt spurt om nye strømmålere?» Og svaret er at regelverket i alle fall har vore ute på høyring. Så den som har følgt med, har kunna uttala seg.

Av innlegget til Eliassen ser det ut til han trivst godt på Facebook saman med sine målar- og strålingskritiske vener. Truleg kunne han derfor tenkt seg ei folkeleg avklaring der. Og kvifor ikkje?

Men først: Det er ingen som er pålagt å ha straummålar, det er faktisk like frivillig som det er å vera på Facebook. Straummålar er berre noko ein må ha om ein vil vera tilknytt straumnettet, noko folk ikkje har plikt til å vera, medan nettselskapa har plikt til å knyta til alle som vil og som godtek vilkåra.

Når nokon vil, så er ein av føresetnadene at nettselskapet må måla forbruket i tilknytingspunktet. Nettselskapet eig målaren og har ansvar for at den har funksjonar og er så nøyaktig som gjeldande forskrifter krev. Forskrifter som er vedtekne av NVE og Justervesenet.

Facebook-versjonen av spørsmålet ville derfor vore:

Vil du godta vilkåra for å knyta deg til straumnettet? «Ja, eg Godtek» eller «Nei, eg Godtek ikkje».

I tillegg ville det her vera ei lenkje til vilkåra med oppmoding om å lesa.

Dei som er eller har vore på Facebook, veit sjølvsagt at det er ikkje naudsynt å lesa vilkåra, for det er berre Ja-alternativet det er vits i å klikka på for å få ting til å fungera. Klikkar ein Nei, skjer det ingen ting.

Spådommen min er at Eliassen og hans 14.000 kritiske Facebook-vener, ville klikka Ja utan å blunka, i redsle for at pc, nettbrett og mobil skulle gå straumtomme. At strålinga frå mobil og nettbrett kvar for seg er om lag 10.000 gonger sterkare enn frå dei nye straummålarane, er det sjølvsagt ikkje verdt å nemna. Kva konsekvensar ville det ikkje ha å tru på noko slikt? At ein utset seg for sterke stråledosar ved å vera på Facebook? ... I tilfelle, så er det no ei trøyst at det i alle fall er viktig, medan den hersens straummålaren altså ...

Gunnar Løkkebø

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.