annonse

Sommel i flaumsaka

VENTAR PÅ TILTAK
VENTAR PÅ TILTAK: – Me må no satsa på ei fullgod løysing, og snarast få utgreidd det som ser ut til å verta den einaste sikraste løysinga, sjølv om denne kan verta noko dyrare. Så bør me alle stå saman om å prøva å få Staten til å finansiera, meiner lesarbrevskribentane. Illustrasjonsfoto frå flaumen i oktober 2014. (Foto: Vidar Herre)

– Har me meir tid å somla vekk? spør representantar frå Voss KrF om flaumsaka på Voss.

Avisa Hordaland melder 28. des. 2017 at no er planane for flaumsikring av Vossavassdraget nullstilte att. No skal eit nytt konsulentselskap starta frå grunnen att og greia ut 6 ulike alternativ, 3 av dei er tiltak mot nokon av flaskehalsane i sjølve vassdraget.

Utgangspunktet er storflaumen i 2014 og 40 prosent påslag for forventa klimaendringar. Dette har ingen hatt seriøse innvendingar mot.

Alle som har sett seg inn i utgreiingane som alt er gjort av konsulentselskapa Multiconsult og Norconsult, bør ha høve til å forstå at med dei vassmengdene ein her må ta høgde for, vil ei slik klatting ikkje løysa problema sjølv om også dette ville kosta store summar.

Det er heile vassdraget frå der Strandaelva og Raundalselva møtest og heilt ut til Veafjorden utanfor Stamnes som ikkje har kapasitet til å ta imot slike vassmengder utan at det gjer alvorlege skadar.

Og Voss kan vel ikkje vedkjenna seg å berre prøva å leia flaumvatnet litt raskare forbi kommunegrensa, når det ikkje løyser, men aukar problema i grannekommunen?

No er det på 4. året etter flaumen i 2014, og me er ikkje komne stort lenger. Er det NVE som vil bruka endå meir tid og økonomiske ressursar på dette? Det nærmar seg eitt år sidan saka vart send til NVE. Kva meiner dei fire vossapolitikarane som har kontakten med NVE i denne saka?

Det positive no er at NVE også vil greia ut løysingar med å føra flaumvatn ut av vassdraget. Å ta ut flaumvatnet i Raundalselva ved t.d. Reime og føra det til Hardangerfjorden, ville vore til god hjelp. Men det er klarlagt at ein her ikkje vil få tak i nok av flaumvatnet til at denne løysinga vert tilfredsstillande.

Då står ein att med Norconsult sitt alternativ med å ta ut flaumtoppane i Lønavatnet og Raundalselva og føra det i tunnel til Granvinfjorden. Det er dette ein no må konsentrera seg om.

Ordføraren seier til avisa 6. jan. 2018 at «Me vil ha flaumdemping, men ikkje kraftverk». Me kan vera samde. Men me må no satsa på ei fullgod løysing, og snarast få utgreidd det som ser ut til å verta den einaste sikraste løysinga, sjølv om denne kan verta noko dyrare. Så bør me alle stå saman om å prøva å få Staten til å finansiera.

Ekstremvêr ser no ut til å koma stadig oftare. Fleire gonger har den verste nedbøren bomma litt på Vossavassdraget. Kor lenge kan me satsa på det? Har me meir tid å somla vekk?

Hans Jørgen Boge, Arne Mosefinn og Bjarne Gjerme, Voss KrF

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.