annonse

Spara seg til fant igjen?

GODT FOR SKULEELEVAR
GODT FOR SKULEELEVAR: – Elevane sår, priklar, lukar og haustar, sløyer fisk, kardar og tovar ull, lagar mat på bål, vert kjende med husdyr, flettar med pil og lagar tradisjonsbakst, skriv Anne Arneberg om Garden, kommunen sitt pedagogiske gardstilbod på Lirhus. Illustrasjonsbiletet er teke under open gard på Voss vidare-gåande skule i haust. (Foto: Sara Finne)

For den utroleg låge prisen av «ca. eitt årsverk» samt husleiga, får kommunen gitt alle skuleborna i heile bygda det same gode.

Torsdag 2. november hadde Hordaland eit oppslag om moglege kutt i kommunebudsjettet for 2018, dersom budsjettet skal gå ut med overskot. Der kunne me mellom anna lesa at Garden, kommunen sitt pedagogiske gardstilbod på Lirhus, er vurdert avvikla.

Kommunalsjef Else Berit Kyte har ifylgje artikkelen argumentert overfor formannsskapet at «tilbodet kan gjennomførast lokalt via avtalar med gardar i nærleiken av skulane», og at ei avvikling vil kunne spara kommunen for «ca. eitt årsverk» samt husleiga.

Slik det er formulert, verkar det som om Kyte meiner at ordninga er viktig og bør halda fram, men på ein gard i rimeleg gåavstand frå den einskilde skule. Det høyrest enkelt og greitt ut, men er det ein god idé?

På Garden (som tidlegare heldt til på Jordbruksskulen), har ein over fleire år opparbeidd seg gode rutinar for å ta imot alle 2.–7.-klassar i kommunen, vår og haust. Det pedagogiske opplegget dei tilbyr er skreddarsydd for dei ulike alderstrinna, og dekkjer mange kompetansemål i K-06.

Elevane sår, priklar, lukar og haustar, sløyer fisk, kardar og tovar ull, lagar mat på bål, vert kjende med husdyr, flettar med pil og lagar tradisjonsbakst. Og ikkje minst, dei får sjå kvar maten kjem ifrå.

Trass i at Voss er ei jordbruksbygd, fortel lærarar eg har snakka med at svært mange av elevane gjer desse arbeidsoppgåvene for fyrste gong på Garden.

For den utroleg låge prisen av «ca. eitt årsverk» samt husleiga, får kommunen gitt alle skuleborna i heile bygda det same gode tilbodet. Vert ordninga fordelt utover på ei rekkje ulike lokale gardar, vert det vel heller tvilsamt om det pedagogiske innhaldet blir like høgt, eller like godt, for alle skulekrinsar. Veit politikarane og skulebyråkratane nok om kva dei no eventuelt skal rasera? Har dei vore oppom og sett?

Anne Arneberg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.