annonse

Stå på!

MÅ IKKJE UTSETJA
MÅ IKKJE UTSETJA: – Hald Samferdselsdepartementet i øyrene, så dei ikkje får den minste sjanse til å utsetje føresett behandling av reguleringsplanen, skriv Ola Folkestad om bygginga av Ringerikstunnelen. Her stig samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på toget på Voss. Oslo-turen med tog kan gjerast over éin time raskare når Ringerikstunnelen kjem. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Ola Folkestad oppmodar alle i Transport og kommunikasjonskomiteen, alle stortingsrepresentantane frå Hordaland og alle andre som vil ha Ringerikstunnelen gjennomført, om å halda Samferdselsdepartementet i øyrene.

Etter oppdrag frå Samferdsels­departementet (Sd) har Bane NOR og Statens vegvesen utarbeidd eit ferdig forslag til reguleringsplan for Ringeriksbanen og E16 Skaret – Hønefoss. Sd har fastlagd premissane for planarbeidet. Planforslaget er datert 02.02.2018 og oversendt Sd for vidare behandling.

Planforslaget inneheld også ein plan for framdrifta. Denne bør alle merke seg. I grove trekke er framdriftsplanen slik:

▪ 2018: Vedtak av reguleringsplanen (mot slutten av året).

Løyving av midlar til å starte grunnerverv.

▪ 2019: Grunnerverv, tilbodsrekning, forhandlingar m.m.

Investeringsvedtak (mot slutten av året).

▪ 2020: Diverse førebuande arbeid.

▪ 2021: Oppstart av arbeidet med banen (frå starten av året).

▪ 2022: Oppstart av arbeidet med vegen (tidleg på året).

▪ 2026: Vegen ferdig (mot slutten av året).

▪ 2028: Banen ferdig (på vårparten).

Skal dette kunne gjennomførast, er det svært viktig at det ikkje skjer noko kluss med denne framdriftsplanen. På noverande­ tidspunkt er det heilt avgjerande at Sd strengt fylgjer opp det som er føresett gjort i 2018 og 2019. Dette vil ma. seie at planforslaget straks må sendast ut på høyring.

Som kjent har Bane Nor no kome med eit innspel som set det heile i spel. Sd kan dermed lett finne argument for å trenere den føresette framdrifta. Dei kan t.d. argumentere med at behandlinga av reguleringsplanen og oppkjøp av grunn bør ut­setjast i påvente av vidare avklaring om prioritering m.m. Det kan også godt tenkjast at det vil vere lagleg med ei motsegn eller to frå eitt eller fleire statleg organ. EI SLIK UTSETJING MÅ IKKJE FÅ SKJE!

Difor slik oppmoding til alle i Transport og kommunikasjonskomiteen, alle stortingsrepresentantane frå Hordaland (kvar og ein må personleg ta ansvar) og alle andre som vil ha dette prosjektet gjennomført: Hald Sd i øyrene, så dei ikkje får den minste sjanse til å utsetje føresett behandling av reguleringsplanen og dei andre vedtaka som er føresett skal gjerast i 2018 og 2019.

Høyrde nyleg i eit innlegg frå Bane NOR i Dagsnytt 18 at ein av grunnane til å utsetje delar av Intercity-utbygginga, var at det var svært komplisert å drive fleire byggeprosjekt samstundes på og rundt Oslo S. Dette kan i alle høve ikkje gjelde Ringeriksbanen. Så om dette skulle vere eit reelt problem, så får Sd heller framskunde arbeidet med Ringeriksbanen.

Ola Folkestad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.