annonse

Stenging av Vethe Gardsbarnehage – NEI TAKK!

DER BORNA TRIVST
DER BORNA TRIVST: – Me har ikkje råd til å mista Vethe gardsbarnehage. Det vil vera eit stort tap for borna og lokalsamfunnet! skriv dei føresette til borna i barnehagen. (Foto: Privat)

– Det er diverre nedgangstider for viktige samfunnsverdiar som nærleik, erfaring og tryggleik i institusjonar på Voss, og elles over heile landet, skriv Svanhild Bidne Dolve på vegner av dei føresette i Vethe Gardsbarnehage.

Her ser du borna til Vethe Gardsbarnehage 2018. Sjå på desse fornøyde, ubekymra smilefjesa. Er det ikkje flott? Men me føresette til desse barna smiler ikkje ubekymra i disse tider.

Det er diverre nedgangstider for viktige samfunnsverdiar som nærleik, erfaring og tryggleik i institusjonar på Voss, og elles over heile landet. All fokus er på økonomi!

Bakteppet er kommunal og nasjonal einvegskøyring med fokus på mantraet «størst er best», og eit skjult mål om sentralisering av bygde-Norge.

No gjev dette utfordringar for dei små barnehagane, og Vethe gardsbarnehage står i fare for å dø ut. Barnehagen har ikkje økonomi til å klare dei nasjonale krava om bemanning uten større tilskott.

I 2018 har dei nasjonale krava til pedagogisk personale i barnehagar auka. Noko som naturleg nok gjev auka lønskostnader. Voss kommune slår samstundes til med tidenes dårlegaste tilskot til dei private barnehagane. Dessutan vesentleg under den nasjonale anbefalte norm.

Eldsjelene som tek initiativ til å driva barnehagar på andre premiss og med fokus på andre verdiar enn økonomisk vinning, vert skadelidande. Men aller mest rammar dette borna våre.

Det rammar borna i den viktigaste og mest sårbare delen av livet.

Nærleik, tryggleik og å bli sett av erfarne omsorgspersonar er grunnleggjande i eit born sitt liv og det kan ikkje målast i kroner og øre.

Me har ikkje råd til, målt i viktige samfunnsverdiar, å mista­ Vethe gardsbarnehage. Det vil vera eit stort tap for borna og lokalsamfunnet!

Vethe Gardsbarnehage:

- har klare visjonar om barnehagen sin kvardag.

- har utvikla den grunnleggjande filosofien gjennom 16 suksessfulle år.

- veit korleis det vert skapt god trivsel for både born og vaksne.

- har uteliv, dyreliv, miljø, gamle tradisjonar, god og sunn mat, kreativitet og menneskeleg varme i fokus.

- har utruleg kompetente og erfarne vaksne som møter borna våre. Dei er alltid, utan unntak, både varme og gode medmenneske og profesjonelle tilsette.

- har uteområde utan inngjerding.

- har eit trygt og godt miljø å vera i.

- gjev borna moglegheit for utvikling, prøving og feiling i trygge rammer med hjelp av ein vaksen.

- er ein stad der borna vert sett og høyrt.

- er ein barnehage der det aldri gjer vondt i magen å levera borna sine. Alle borna vert tatt vare på, slik skikkeleg tatt vare på.

- er ein barnehage der borna våre trivst, og me vil at dei framleis skal få moglegheit å vera i.

Så Voss Kommune – skjønn verdien i det nære og trygge og gje det nødvendige økonomiske råderom slik at også de små kan fungera. Invester i framtida for borna på bygda.

For føresette i Vethe Gardsbarnehage, Svanhild Bidne Dolve

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.