annonse

Sterkt ueinige i å leggja ned Hauge barnehage

HAUGE BARNEHAGE
HAUGE BARNEHAGE: – Me vonar administrasjonen, formannskapet og politikarane også ser potensialet og at dei våger å satsa på grenda, skriv Catrine Nilsen Moberg og foreldra ved Hauge Barnehage. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

I staden for nedlegging vil me på ny be om at ein må sjå på løysinga med at dagens tilbod vert flytta til det tomme skulebygget på Oppheim, skriv foreldre ved Hauge barnehage.

Me les i Hordaland avis 2.11.17 at kommuneadministrasjonen føreslår å leggja ned Hauge barnehage frå 1.08.18 for å spara 584.000 kr på årsbasis, dersom budsjettet skal vedtakast med overskot.

Me forstår administrasjonen sitt behov for å kutta i neste års budsjett dersom dei skal gå for overskot, men er sterkt ueinig i framlegget om å leggja ned barnehagen vår! I staden for nedlegging vil me på ny be om at ein må sjå på løysinga med at dagens tilbod vert flytta til det tomme skulebygget på Oppheim. Det vil gje oss på Stronde eit betre tilbod, med lengre opningstid og fem dagars tilbod.

Hauge barnehage har i år åtte born, administrasjonen meiner desse kan få plass i andre barnehager. Samstundes er det viktig å få fram at det ikkje berre bur åtte born i vårt område som treng barnehageplass. I realiteten er det nemlig slik at få nyttar seg av dagens tilbod då barnehagen sine opningstider ikkje er tilpassa familiane sine behov for barnehageplass.

Foreldreutvalet har ved fleire tilfelle fremja ynskje om å auka åpningstidane til fem dager i veka, men har fått til svar at det ikkje er aktuelt. Tilbakemeldingane frå kommunen har vore at bygget Hauge barnehage held til i i dag, ikkje er godkjent.

I januar 2017 oppsøkte foreldregruppa i Hauge eit utval foreldre som har born under skulealder i nærområde. Dei som stillte seg positive til å nytta ein kommunal barnehage på Oppheim skreiv under på ein underskriftskamanje til støtte for kommunal barnehage på Stronde, med føresetnad om at det vert ein fulltidsbarnehage. Lista viste at det er mange potensielle born som er aktuelle for eit slikt tilbod, og lista vart oversend til kommunen i januar i år. Dette viser at foreldre også på Stronde treng kommunal barnehage som er open fem dager i veka, slik alle andre barnehagar i Voss kommune har.

Det er og slik at Stronde er eit område i vekst i høve utbygging og sysselsetjing. Både på Oppheim og i Haugsvik kjem det fleire nye hus med nyetablerte, og ifylgje Hordaland avis er det og konkrete planar for utbygging for nyetablerarar på Framnes. Dette vil skapa behov for fleire barnehageplassar på sikt!

Å flytta Hauge barnehage til Oppheim vil og ha ein viktig samfunnsverdi for heile bygda! Ein vil kunna nytta seg av dei utallige ressursane i nærområdet rundt Oppheim, og ikkje minst vil ein nytta det i dag tomme skulebygget, med stort potensial for barnehagedrift!

Det bør finnast kommunale tilbod for alle folk i kommunen, uavhengig av geografisk plassering, difor treng me ein kommunal, fulltidsbarnehage på Stronde!

Me vonar administrasjonen, formannskapet og politikarane også ser potensialet og at dei våger å satsa på grenda og den oppveksande generasjonen på Stronde!

Foreldre ved Hauge barnehage, v/Catrine Nilsen Moberg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.