annonse

Stoda kring aldersheimsituasjonen

OMSTRIDD SAK
Omstridd sak: Øyvind Bekkenes ber om informasjon om stoda kring sjukeheimsplassar på Voss i kjølvatnet av den mykje omtalte saka om Trygve og Anna Styve. (Foto: Sara Finne)

Øyvind Bekkenes vil ha svar frå ordføraren.

Etter stor fokus på Styve-saka er det mange som ynskjer informasjon om korleis ein kan rekna med det vert for andre i tilsvarande situasjon.

Difor har eg fylgjande spørsmål som kanskje kan gje innbyggjarane betre informasjon i denne viktige saka enn det kommunen har klart til no.

1. Har kommunen venteliste og kor mange står på denne?

2. Har kommunen ledige rom pr.d.d.?

3. Kor mange har teke kontakt med ordførar og varaordførar vedk. trong for sjukeheimplass?

4. Har kommunen endra dei «harde» krava som Trengereid innførte for å få sjukeheimplass?

Eg har ved sjølvsyn sett at fleire og fleire eldre på sjukeheimane ser ut til å verta sjukare for kvart år, og fleire og fleire set i rullestol. Dette er etter mi meining indikasjon på at krava for å få sjukeheimplass på Voss er altfor strenge og at stoda må betrast snarast.

Mange ventar på svar frå ordføraren!

Øyvind Bekkenes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.