annonse

Stølsdrift – før og no

EENSTØLEN RUNDT 1960
Eenstølen rundt 1960: Lina Ringheim, budeie som samla sauene på Eenstølen for snart 60 år sidan. Ingvald Ringheim, som har skrive innlegget, var budeiebalt. (Foto: Privat)
BESØK HEIMEFRÅ
BESØK HEIMEFRÅ: Då det leid mot helg, kom karane til støls. Her ser me frå venstre Knut Løken, Roald Danielsen, Johannes L. Een, Johs K. Ringheim og Eberg Ekrem i eit godt kortlag på Eenstølen, også dette om lag 1960. (Foto: Privat)

Då eg var liten gut, var eg med ho mor på Eenstølen som budeiebalt, kort foralt så er ein budeiebalt ein som hjelper.

På stølen var det hestar, sauer og kyr, og eg hugsar spesielt godt dei to mannevonde oksane som laga så mykje spetakkel og styr.

Desse to oksane var ofte innom stølen, og dei bura og belja i eitt strekk, så dei var for oss ungane og budeiene den aller største skrekk.

På den tida var det også mykje hestar på stølen, og dei samla seg ofte i ein stor flokk, og me ungane fekk dei til å ta ut i full galopp, når me sprang etter dei og skramla med spannalok.

Når det leid mot helg, fekk me ofte besøk heimefrå, då vart det mykje liv og røre og tida gjekk så fort, karane samla seg og prata om laust og fast, og stundom tok dei seg eit slag kort.

Kvar laurdag fyrde me opp under ei stor steikjeplate borte ved elva og steikte mjølkekaker, så når karane kom til støls fekk dei nysteikte mjølkekaker, og me ungane fekk litt søtsaker.

På Løkjo nær Eenstølen var det ein kvileheim for trøytte husmødrer, og det hende dei kom bort på stølen til oss når det var fint vêr, ein gong kom ei av dessse byfruene bort på stølen og gav oss ei korg med fine jordbær.

Nett då gjekk det nokre sauer på selsbøen der, og plutseleg spurde byfrua korleis ho mor kunne sjå forskjel på ver og sau, ho mor såg forundra opp, og det såg nesten ut som at ho vart litt flau.

Etter å ha fått summa seg litt, sa ho mor at sauen har jur og spenar slik at lamma får mjølk til mat, og veren har noko anna mellom beina slik at han kan verta far til nye lam att.

Ingvald Ringheim

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.