annonse

Støtt satsinga på fylkesvegnettet

VEDLIKEHALDSETTERSLEP
VEDLIKEHALDSETTERSLEP: – Stortinget har no ei historisk moglegheit til å auke satsinga på fylkesvegane. Den moglegheita må politikarane gripe! skriv Paul Olaf Baraas i Ordet fritt. Biletet frå fylkesvegen i Bordalen er teken for nokon år sidan. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

Utrekningane viser at det frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv er gunstig å ta tak i etterslepet.

Mars kan bli ein avgjerande månad for fylkesvegane. Då skal Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité handsame eit representantforslag om eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet. Forslaget blei fremja av Senterpartiet og tar opp eit samferdselstiltak som noverande og tidlegare regjeringar har vegra seg for å ta tak i: Vedlikehald­setterslepet.

Etterslepet i Hordaland er i dag rekna til om lag 8,2 mrd. kroner og i Sogn og Fjordane til 4,7 mrd. kroner. Stortinget har no ei historisk moglegheit til å auke satsinga på fylkesvegane. Den moglegheita må politikarane gripe!

Det alle aktørane har til felles er at dei er lei av forfallet på vegane, den politiske uviljen til å satse skikkeleg på fylkesvegnettet og at statsmakta er med på notane. Forholda på fylkesvegnettet påverkar kvardagen for mange vegbrukarar, og vedlikehaldssatsinga er ikkje i nærleiken av å fylle behova. Alle vedgår det. Staten. Fylkeskommunane. Kommunane. Næringslivet. Privatbilistane. Men lite har skjedd.

Manglande vedlikehald gjev samfunnskostnader i form av auka reisetid, auka bruk av drivstoff, større utslepp og større slitasje på køyretøya. Nedslitne vegar er heller ikkje løysinga for å nå nullvisjonen for talet på drepne i trafikken. Kostnaden for å betale for ei storstilt og naudsynt utbetring gjer at myndigheitene vegrar seg.

Vi i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) meiner grunnane til å la vere å setje i verk ei større vedlikehaldssatsing ikkje er til stades. Oslo Economics har på oppdrag frå oss vurdert dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å redusere vegforfallet. Utrekningane viser at det frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv er gunstig å ta tak i etterslepet. Anslagsvis vil det å auke innsatsen på vedlikehald med om lag 1,5 mrd. kroner for vegdekke og vegfundament på fylkesvegane i perioden 2018-2029 gje ein samfunnsøkonomisk nettonytte på mellom 8,3 og 11,9 mrd. kronar.

Auka satsing på fylkesvegane vil gje vesentlege og positive effektar for næringslivet og folk flest. Gjer vi opp for manglande handlekraft i fortid, kan vi sikre betra samfunnsøkonomi i framtida.

Paul Olaf Baraas, regionsjef i Maskinentreprenørenes ­Forbund (MEF) Region Vest

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.