annonse

Støy frå luftsportaktivitet på Bømoen

FLYSTØY
FLYSTØY: – Skulle ein heilt unngå støyplager, måtte støygrensene ha vore ganske mykje (om lag 10 dB) strengare, seier Sigurd Solberg. (Foto: Knut Markhus/Arkiv)

Den norske grensa for flystøy (miljøverdepartementet, 2012) er på ein måte streng. Ho er strengare enn grensa for vegtrafikkstøy av di dei fleste finn flystøyen meir plagsam.

For flystøy på dagtid, er grensa eitt tal, ein gjennomsnittsverdi for støy frå flytrafikk i løpet av lang tid (3 månads-perioden med størst trafikk i året). Det er altså ikkje ein høgaste verdi for dei få, hardaste dagane, men ein gjennomsnittsverdi for alle dagar, smurt tunt utover.

Dei norske (og dei fleste utanlandske) grensene for støy frå transport: veg, fly, jernbane, har innebygd store kompromiss. Av di desse aktivitetane har stor samfunnsnytte, godtek ein at støygrensene er sett høgt, så høgt at 20-25 prosent av befolkninga er plaga av støyen der grensa akkurat er tilfredsstilt. Skulle ein heilt unngå støyplager, måtte støygrensene ha vore ganske mykje (om lag 10 dB) strengare.

Nokre aktivitetar har ikkje same kompromiss innbygd. Støygrense for motorsport er døme på dette. Her er støygrensa streng. Berre ein liten del av befolkninga er plaga av støyen der støygrensa akkurat er tilfredsstilt. Denne støygrensa er stilt på ein anna måte enn for transportstøy: ingen gjennomsnittsverdi, men ein høgaste verdi, som gjeld alle dagar.

Ein kan seia at Bømoen ikkje er ein vanleg transport-flyplass, som krev samfunnsmessig kompromiss i grensesetjinga. Tvert imot kan ein seia at aktiviteten (om ein ser bort frå litt aktivitet med helikoptertransport) kan kallast motorsport og kunne regulerast med mykje mindre kompromiss enn no. Fleire andre land har forsøkt å gå denne vegen (Sveits, Danmark, Sverige): forbod mot ultralette fly som flyg lågt, framlegg om strengare krav til «særleg forstyrrande trafikk-kategoriar»: fallskjermhopping, kunstflygning, mv.

Eg kan skjøna at kommunen og Fylkesmannen vil godta å rekne med ei «snillare» støybelastning utan det som går føre seg i festivalane om sumaren. På dette viset og ved å seie at berre 5 prosent av aktiviteten skal gå om kvelden (i tidsrommet 19-23) – får ein kart med noko lågare støybelastnig. Men det er altfor svakt å godta at ein berre treng «å varsle bebuarane i god tid» før festivalane – som avbøtande tiltak. Festivalane gjev eit stort reelt støyproblem langt utanfor sjølve Bømoen. Ein bør vera svært tilbakehalden med å tillate utviding av noko som helst før hoppeflya er elektiske (om 15-20 år). Ein må òg vera førebudd på å stogge ein mogeleg auke i kveldstrafikken.

Sigurd Solberg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.