annonse

Støy i arealplanlegging ved Bømoen flyplass

BØMOEN
BØMOEN: – Fylkesmannen og Voss kommune har nettopp hatt drøfting av plansaka om Bømoen. Fylkesmannen har førebels ikkje sagt kva han meiner. Det blir kan hende spanande? skriv Sigurd Solberg i Ordet fritt. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Sigurd Solberg trur det kan verta spanande å høyra kva Fylkesmannen har å seia om Bømoen-saka.

Det veiledande regelverket for handsaming av støy i plansaker, T-1442, har vore aktivt sidan 2005.

Flyplassar er store støykjelder og har heile tida vore viktige i regelverket.

Bømoen flyplass og støy ved bustader i nærleiken er viktige spørsmål.

Fylkesmannen er staten sin fagmyndigheit for støy i plansaker. Han kan koma med innsigelser om arealbruken ikkje er godt nok i samsvar med regelverket.

I så fall går saka til mekling og mogeleg avgjerd i Miljøverndepartementet.

Fylkesmannen og Voss kommune har nettopp hatt drøfting av plansaka om Bømoen. Fylkesmannen har førebels ikkje sagt kva han meiner. Det blir kan hende spanande?

Sigurd Solberg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.