annonse

SV er mot slakt av gardsbruk på Voss

GARDSBRUK
GARDSBRUK: – Voss er ein landbrukskommune som treng mange aktive brukarar, og me veit at det er fleire – særleg unge, som gjerne vil kjøpa eit gardsbruk og driva dette. Eit slikt tilskot av yngre bønder er ynskjeleg for vossajordbruket. Men dei kan ikkje konkurrera med «gardsslakt» og dei prisane som då oppstår, særleg på bustadhusa, skriv Nina Jakobsen Bakketun (SV) i Ordet fritt. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Siste tida har det kome fleire søknadar om dispensasjon frå kommuneplanen som gjeld frådeling av bustadshus på gardsbruk.

Og etter det me veit, er det fleire som syslar med slike tankar. Føremålet med ei slik frådeling er til vanleg å selja jorda/skogen til andre gardsbruk, og sitja att med husa som no har vorte vanlege bustadhus, som fritt kan seljast til marknadspris.

Voss SV ynskjer ikkje ei slik utvikling. Slik frådeling vil føra til færre driftseiningar og færre aktive brukarar. Me veit at dei som vil veksa oftast endar opp med mykje transport med store og tunge maskinar.

Dette samsvarar dårleg med eit stadig våtare klima og større og større problem med jordpakking. Transport er også ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i jordbruket.

Voss er ein landbrukskommune som treng mange aktive brukarar, og me veit at det er fleire – særleg unge, som gjerne vil kjøpa eit gardsbruk og driva dette. Eit slikt tilskot av yngre bønder er ynskjeleg for vossajordbruket. Men dei kan ikkje konkurrera med «gardsslakt» og dei prisane som då oppstår, særleg på bustadhusa.

Voss SV vil nytta vår politiske makt til å stoppa ei slik negativ utvikling.

For Voss SV, Nina Jakobsen Bakketun

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.