annonse

Til ettertanke

RØRSLEHEMMA
RØRSLEHEMMA: Bjørn Egil Tolås er avhengig av rullestol, men tek gjerne ein tur i Vossabadet. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
VOSSABADET
VOSSABADET: – Også i distansebassenget burde det vore ein heis eller vanleg trapp opp og ned, som i terapibassenget, skriv Bjørn Egil Tolås. Her frå symjestemne i badet. (Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv)

– Når det kjem til nybygg på Voss, og elles i landet, ser eg at tendensen til å leggja til sides den universelle utforminga, blir meir og meir eit faktum, skriv Bjørn Egil Tolås i Ordet fritt.

Voss har på mange måtar vore flinke til å tilretteleggja for mange ulike sportsgreiner og ulike idrettar. Noko som viser utover kommunen sine grenser. Det er mange eldsjeler som er villige til å tilretteleggja for eit rikt fellesskap. Slik at alle har muligheit til å vera med på ulike sportegreiner og idrettar. Sjølv om ein har eit handicap. Ei skaperglede og inspirasjon som dreg menneske til bygda. Noko som er godt både å sjå og oppleva.

Dei siste åra har det vore mykje nybygging og nytenking på Voss. Med blant anna nytt symjeanlegg, kulturhus og ikkje minst ny gondol og tilhøyrande hotell. Noko som utvidar turistnæringa både i sentrum og i utkanten av Voss. Det skaper også mange nye arbeidsplassar. Så på mange område kan ein seia at Voss er ein blomstrande landsby med som er rik på ideskaping og lidenskap til det ein likar å jobba med.

Når det kjem til nybygg på Voss, og elles i landet, ser eg at tendensen til å leggja til sides den universelle utforminga, blir meir og meir eit faktum. Ta til dømes Vossabadet. Eit veldig flott og bra anlegg. Med eit godt tilbud med tanke på distansesymjing og terapibading. Og ikkje minst stupetårn og sklier.

Men ei hake ved det, er at den einaste plassen det er tilrettelagt for dei med nedsett bevegelseevne, er i terapibassenget. Der er det tillaga ein heis/vanleg trapp. Men i distansebassenget er det ikkje tilrettelagt noko. Det er ein vanleg stige på kvar side av bassenget. Noko som ikkje er godt nok. Ein med netsatt kraft i beina har ikkje muligheit til å koma seg ut av distansebassenget. Her lyt då ein badevakt koma til unnsetning og lyfta vedkomande opp. Noko eg meiner er heilt feil ressursbruk og går på sikkerheita laus.

Ein dag kan den/dei badevaktene som er fysisk sterkt skodde, vera sjuke. Og da har ein eit problem. I distansebasseget burde ein på lik linje med terapibassenget hatt ein heis/vanleg trapp opp og ned. For å letta arbeidsdagen for badevakten. Og ikkje minst slik at dei med nedsett funksjonsevne kan føla ei sjølvstendigheit. Det handlar også om tryggleiken til dei andre i bassenget.

Når eg som rullestolbrukar reiser til symjeanlegg, tenkjer eg først og fremst på at eg vil få utløp for den tida eg sit i ro. Då er ikkje det første som slår meg å liggja roleg i eit kokheitt boblebad eller basseng. Då er mitt mål å prøva å få bevega meg mest mogleg i vektlaus tilstand. Slik at eg kan føla at eg får brukt alle musklane på ein god måte. Ein varm dusj, eit varmt bad kan eg gjera heime (hehe ...)

Når ein først bruker eks tal millionar på eit stort og flott anlegg, meiner eg etter det eg har skrive over, at ein bør kunna tilretteleggja såpass at fleire kan bruka også distansebassenget.

Bjørn Egil Tolås

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.