annonse

Til våre folkevalde!

VOSS OG GRANVIN
VOSS OG GRANVIN: Dei folkevalde i Voss og Granvin samla i høve samanslåingsvedtaket sist i august. Desse er mellom dei mange som no skal sikra at kommunane legg fram budsjett i balanse. (Foto: Rolf Tepstad)

I desse dager sit fleire hundre kommunepolitikarar i ymse møte landet rundt, for å sikra at kommunane skal få eit budsjett I balanse.

Verkemidla lokalpolitikarane våre må ty til er ofte diskutable, og har fleire stader ført med seg konkuranseutsetting og ytterlegare marknadstilpassing av den offentlege økonomien.

På Voss har lokalpolitikarane så langt skåna innbyggarane for dei verste utslaga i form av privatisering av offentleg velferd, men med den stadige utarminga av kommuneøkonomien, pressar slike tankar seg fram også hjå våre folkevalde. For oss i fagrørsla er dette særs viktige spørsmål. Den offentlege velferda må styrkjast og ikkje utarmast gjennom konkurranseutsetting og aukande byråkrati.

I statsbudsjettet for 2018 har regjeringa lagt inn framlegg om ein auke i frie inntekter for kommunane på 3,8 milliarder kroner. Denne summen er litt mindre enn det som vart foreslege ved førre statsbudsjett, men her vart mange kommunar redda av omlegging av skattesystemet. Det me også må ta med oss i spørsmålet om frie inntekter til kommunane er den kommunale gjelda. I snitt auka gjelda per innbyggar med nesten 5% i 2016. For Voss sin del var denne gjelda rundt 50.000 kroner per innbyggar i 2016.

Me veit òg at regjeringa har sentralisert tunge offentlege institusjonar som ymse helsetenester, folkeregister, ymse polititenester med meir, utan at kommunane har vorte eksplisitt kompensert for dette. Mange av dei som nyttar desse tenestene søkjer diverse kommunale støtteordningar for å finansiera reisa til Bergen, difor er kommunen indirekte med og betaler for at staten kortsiktig sparar pengar gjennom sentralisering.

Voss Faglege Forum, som er eit styre sett saman av fleire av dei største fagforbunda på Voss, ser med uro på denne utviklinga. Dei tilsette i kommunen treng å vita at dei har tid til å ta seg av dei eldre, dei sjuke, ungane våre og alle dei som av ulike årsaker fell utanfor samfunnet. Dei tilsette må ha handlingsrom for å kunna yta og utvikla seg, og ikkje gå heim frå arbeid med dårleg samvit. Me oppmodar difor kommunepolitikarane på Voss om å spela på lag med fagrørsla og ikkje leggja til rette for meir marknadstilpassing i offentleg sektor.

Bjarte Kaldestad, Voss Faglege Forum

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.