annonse

Trass nytenking var Luther ein del av gamletida

– EI UVØRE
– EI UVØRE: – Luther vann fram fordi han hadde statsmakta med seg. Difor var det statsmaka som fekk skulda for uvøreskapen, gjerne med rette. Men mykje til opphavet låg i religionen og motsetnadene mellom dei uike trusamfunna i Europa. Elles var Luther ei uvøre i språkbruken. Han likte ikkje dei som var imot han, skriv Arne Skjerven. (Foto: Arkiv)
SKRIVESTAD FOR LUTHER
SKRIVESTAD FOR LUTHER: Veste Coburg i Bayern, lokalt berre kalla for Veste, er ei av dei største borgene i Tyskland. Her heldt Luther seg nokre månader i 1530, og var då svært litterært produktiv. I år er det 500 år sidan reformasjonen. (Foto: Arkiv)

– Det er framleis ikkje rom til å bruka fornuften. Bibelen skal lesast som det står i boka, sjølv om det ikkje er rett, skriv Arne Skjerven.

Reformasjonen gav rom for nytenking. Mennesket som individ får rom til å nytta eiga samvit i større grad kom meir i sentrum enn i den katolske kyrkja. Omveltningar i kyrkjestellet kom i samarbeid med dei verdslege styremaktene.

På ein måte kan ei såleis seia at kyrkja vart meir open, men likevel ikkje meir demokratisk. Det er milevis avstand mellom kyrkjeskipnaden ved reformasjonen til det som me i dag kallar demokrati. Det galdt så vel kyrkja som krefter i den statlege delen av samfunnet. Men målet var sams: Samarbeid og ikkje strid.

Då kyrkja i Noreg feira 500 år for reformasjonen i Nidarosdomen i år, sa preses i preika si at Luther hadde vist veg, sjølv om det og hadde vore mistak. Den andre delen at bodskapen der var eit samarbeid med andre kyrkjesamfunn, som det katolske. Dette var i feiringa vist i praksis ved at katolsk tilsette var med. Dette kan gje von for både den eine og den andre.

Men, og dette er eit ankepunkt: Etter 500 år burde det vera på sin plass å seia heile sanninga om Luther og det han målbar. Eg meiner det er for lettvint i dag å velja ut det som høver, det som passar inn og det som talar til beste. Så einfelt er det ikkje, ikkje for 500 år sidan, og slett ikkje i dag når folk kan lesa og skriva sjølve. Ja, ein kan seia det slik: Folk kan tenkja sjølve og finna svar. Desse kan vera vel så fornuftige som trua.

Og nettopp fornuft var noko Luther var imot. Han kravde nærast at Bibelen var ordrett rett, og ein skal tru på det som står der utan innvendingar. Kyrkja, slik han utforma henne med reformasjonen, var også det einaste rette. Det var ikkje råd å bruka fornuft og seia noko anna. Det skildrar Sigrun Høgetveit Berg i boka om reformasjonen som kom i år, NRK har hatt fleire innslag om dette, mellom anna kver sundag morgon i programmet «God helg», der Høgetveit Berg og professor Halvdan Rasmussen var mellom vegvisarane.

At Luther slo opp tesane på kyrkjedøra i Wittenberg har vore det store oppslaget i reformasjonsfeiringa. Men så seier de som elles har kunne om dette, at Luther sende tesane til to vener, som gjorde dei kjende. Det er noko anna, sjølv om resultatet kan henda vart det same. Men tesane har vorte symbolet. Slik der det og med bibelomsetjinga. Krossen heitte stauros på gresk, og var altså ein staur som på norsk. Han vart eit symbol, og dermed kom ikkje dette inn i siste bibelomsetjinga. Sanninga kan her og ha vorte den same. Men krossa oss med sanning i høve til språket, kan me ikkje.

Det er framleis ikkje rom til å bruka fornuften. Bibelen skal lesast som det står i boka, sjølv om det ikkje er rett. Dette har fylgt kyrkja, og det er slik den dag i dag. Jomfrufødsel er jomfrufødsel, og skaparverket vart til på ei veke. Punktum.

Men språkleg var reformasjonen ei vinning. Reformasjonen fekk folkespråket fram, det fekk språket i bruk, det vart lese og det vart forstått, sjølv om sanningane og tolkingane har vorte målborne av prestane på nærast eintydig og uimotseieleg vis. Men så var det ein og anna som skjøna meir enn andre, til dømes Magnus Brostup Landstad, som sa: «Reformationen, som andre Steder bragte Folkesproget frem, tjente hos os til at fortrænge det». Slik var det Noreg, og somme andre stader like fullt, rett og slett fordi mange ikkje makta å få med seg det opplæringa som trongst. Dermed fall også vurderingane av innhaldet bort. Altså, kunnskap og fornuft trong ikkje folk flest. Dei fekk ta det dei fekk av prestane, og slett ikkje lekfolk. Me veit kor det gjekk med Hans Nilsen Hauge.

Så kom religionskrigane og dei uvørne lidingane dei førte med seg, både i 30-årskrigen og i dei groteste handlingane i England mellom kyrkja der og katolikkane. Til og med gravskjending var eit lovleg middel i kampen. Galskap, det skjønar alle.

Men Luther vann fram, fordi han hadde statsmakta med seg. Difor var det statsmaka som fekk skulda for uvøreskapen, gjerne med rette. Men mykje til opphavet låg i religionen og motsetnadene mellom dei uike trusamfunna i Europa.

Elles var Luther ei uvøre i språkbruken. Han likte ikkje dei som var imot han. Tyrkarane kalla han jamvel som ein fiende­ mot Gud, sjølv om det var kampen mot dei ved herskaren Suleiman, som styrke Tyskland med siger statleg, og også siger for reformasjonen.

Han var også sterkt imot jødane, og språket han nytta, kan lett tolkast som jødehat då han i tillegg kom med harde tiltak mot jødane. Dette kom mellom anna inn i lovene, også i Danmark-Noreg på 1600-talet, altså lenge før grunnlova. Det er uråd å ikkje kopla dette til jødehatet som braut ut i andre verdskrigen.

Javel, så kunne også Luther tenkja seg å verta helgen på sine eldre dagar. Det vart han ikkje, som me veit!

I fjor las eg at kyrkja i Wittenberg stod for det meste tom (og det har kyrkjene gjort fleire stader). Om det har vorte endring no etter 500-årsmarkeringa, veit eg ikkje. Det vil syna seg.

Men lat sanningane koma fram, både i Bibel og kyrkjeskipnad. Då kan folk eiga kyrkja og vera ein del av henne. Og la vitet og fornuften råda.

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.