annonse

Trist som f... – kvar gjekk det eigentleg gale?

MÅL IMOT
Mål imot: Fbk Voss har bak seg ein tung periode, og her er det gjestene Sund frå Sotra som skårar på straffe mot Voss i seriekampen i vår. Jan Inge Ringen meiner to opprykk på tre sesongar bør vera målet no. (Foto: Geir Geitle)

Trass i at eg som «austlending» dei seinare åra berre har fylgt FBK Voss frå sidelinja, via lokalpressa, andre kanalar og at eg har prata med litt folk og gjennom dette fått litt innblikk i utviklinga – så måtte eg likevel berre.

Eg ber om orsaking om eg har oppfatta ting feil og er litt unyansert, men etter å brukt særdeles mykje­ tid på og sjølv vore i klubben i om lag 20 år – så vert ein jo oppriktig lei seg av det som har fått utvikla seg.

Og difor kan det å bidra til å skapa debatt umogeleg vera feil akkurat no? Om ein no skal setja seg ned «klappa seg sjølv på skuldra», forsvara alt som ein har gjort og meiner ingenting kunne ha vore gjort annleis og prøva igjen neste år på same måte, ja då trur eg det vert tungt.

For no det altså klart – det lokale fotballflaggskipet skal neste år kjempa mot storleikar som Dale­, Vaksdal og Juristforeningen. Korleis kunne ein klara å enda opp her? Om dette ikkje er heilt unikt i nasjonal målestokk, så er ein i allfall no på lista over lag/klubbar der det er eit enormt misforhold mellom innbyggjartal, tilgang på ressursar, anleggskapasitet, det som burde ha vore målsetjingar for eit «A-lag» for ein klubb med desse faktorane på plass – og det som altså no vert verkelegheita.

Det er nesten så ein får flashback til år 2000 då dåverande Vålerenga-sponsor Øystein Stray Spetalen sende fylgjande melding då ein annan klubb i mitt fotballhjarta – Vålerenga, rykte ned i 1. divisjon og med det fekk litt andre og ukjente motstandarar året etter: «Varen er levert og heter Mandals­kameratene.»

Ein snakkar altså om fotball-­laget i «idrettsbygda Voss». Klubben som også arrangerer Voss Cup og gjennom dette kan tilby sunne idrettsaktivitetar i eit godt og trygt miljø der ein etterkvart også samanlikna med mange andre klubbar har fått tilgang på eit anleggseldorado til den oppveksande generasjonen. Og det er ingen grunn til at det treng å vera eit misforhold mellom dette og det å ha eit seniorlag på eit anstendig nivå. Ein treng ikkje måtte velja mellom dette, om nokon trur det.

Eg skriv resultatmessig og understrekar dette, for det går rykte om at det er spelarutvikling som skal stå og har stått i fokus dei siste åra. Den nasjonal­romantiske fotballbylgja har med andre ord nådd vossebygda også. Lat oss håpa at Lagerbäck-effekten kan få snudd tankesettet i norsk fotball framover, og at det vert litt «ringar i vatnet» av dette som igjen får FBK Voss til å justera seg også.

Laget frå bygda som tidlegare var kjent som eit lag ein frykta å møta, der spelarane stilte med «knåttasko», med opp­bretta skjorteermar og gjerne var ubarberte.

Ein god miks av kvalitetar er sjølvsagt alltid det beste, men var ein berre god nok på spelarutvikling, så ville også resultata faktisk kome av seg sjølv alt. For det er svært vanskeleg ikkje å vinna fotballkampar om ein faktisk har klart å utvikla gode nok fotballspelarar. Då kan ein truleg spela 4-2-3-1 eller 4-3-3, 4-5-1 eller nokon av dei andre flotte tal-kombinasjonane med tilhøyrande ukritisk mål om å spela seg ut bakfrå i omtrent alle samanhengar, og likevel klara å vinna fotballkampar. Men ein har altså ikkje klart det heller. Kven er det klubben på herresida eigentleg har «eksportert» til eit høgt nasjonalt nivå dei siste 10-15 åra? Kristian Ystaas fekk sine år på dei høgaste nivået. Simen Brekkhus luktar vel litt på det no. Elles så vert ein jo ikkje så imponert over kva «spelarutviklingsklubben» har fått til på dette området. Det å sleppa til altfor mange «ungfolar» samstundes, er etter mitt syn mest misforstått spelar­utvikling.

For meg som har fylgt utviklinga frå sidelinja ein del år no, har eg forstått at det har vorte tona ned kor viktig det er å ha som mål å vinna kampar.

Det skal mest vera «kjekt» no for tida. I mi tid og då eg spelte, trur eg at alle synest at det var mest «kjekt» å vinna kampar. Det gav sjølvtillit, fjerna tvil om ein skulle satsa eit år til, skapte betre samhald og ein slapp å spela med skuldrane over skjorte­kragen i neste kamp.

Og sagt med ein gong, så må ein berre få «knebla» desse som evt. også måtte gå rundt og vera så ambisjonslause at ein dreg frem det klassiske kortet om at: Nei, men det er gjerne like greitt å ta eit år i 5. divisjon slik at dei unge spelarane kan få utvikla seg meir der, ja lukke til med det ... Ein vert heilt sikkert «godt motteken» på Geita­bakken og Vaksdal, om dei har sin eigen bane då .... Eg hugsar at eg spelte treningskamp der ein gong, med Bjørgum – det var på nivå 6. All honnør til Vaksdal, det seier meir om FBK Voss. For det kjem til å gjera meir vondt enn på fleire år å spela på nivå 6, med mindre ein då gjennom vinteren har vorte så god på spelarutvikling at motstandarane aldri kjem opp i situasjonane.

Målet med dette innlegget er om mogeleg bidra til at no lyt det «knusast nokre egg». Ein må ta ein fot i bakken og rett og slett koma «opp i ringane» igjen for å berga litt stoltheit på vegne av ein klubb med trass alt stolte fotballtradisjonar.

Det må vera lov å ynskja seg at ein no får tak i trenar­krefter, ikkje det at eg skal dedisera nedrykket til min gamle lagkamerat Bjarte Bergstrøm langt derifrå – han har nok i stor grad berre hatt eit over tid «forgifta og hjernevaska» mannskap å jobba med – ein trenar som vektlegg litt andre verdiar enn kva som har vorte gjort i ein del år no. Utan å nemna namn, så vart det vel for ein del år sidan­ føreteke eit slags paradigmeskifte i klubben initiert av enkeltpersonar som ein no ser resultata av. Kanskje på tide å finna nokon som kan prøva å initiera ein annan stil og tankesett, gjerne?

Alt godt til min gamle klubb, men no følte eg verkeleg for å svinga pisken litt. Med dei føresetnadene som klubben rår over, fleire heiltidstilsette som også jobbar med sport, og flust av anleggskapasitet samanlikna med andre klubbar – så har ein no berre seg sjølv å skulda på. Men dette her fiksar de, to opprykk på tre år bør vera målet no.

PS! Har «typar» som Gunnar Hole, Knut Lydvo, John Magne Herre og Tor Tvilde gått heilt ut på dato etter at kunstgras-­revolusjonen kom?

Heia Voss!

Jan-Inge Ringen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.