ARKIVFOTO: Vidar Herre

«Tut og kjør» og «Voss kommune sitt svar»

Med min yrkesbakgrunn, vart eg noko overraska når eg las desse innlegga. I begge innlegga blir det, m. a. vist til «advokatundersøkingar» når det gjeld arbeidsmiljøet i kommunen.

Publisert 20.03.2017 kl. 06.00. Oppdatert kl. 08.11.

Fagleg sett er det overraskande at advokatar blir nytta til slike oppdrag. Advokatar er juristar, og fagfolk på sitt område, og arbeidsmiljøproblem er sjeldan eit jussproblem. Dei fleste slike problemstillingar har gjerne, heller nær, og ofte klar, samanheng med mellommenneskelege forhold, også omtala som psykososiale forhold.

Fagområde som HMS - arbeidsmiljø (inkl. psykososiale forhold) sto ikkje på pensumlista i min «jussperiode», og det vil vera overraskande om det har kome med seinare. (Men enkelte advokatar kan, sjølvsagt, ha teke nødvending tilleggsutdanning.)

Når det gjeld utfordringar, problemstillingar og gransking/undersøkingar innan fagområde arbeidsmiljø, er det mogeleg å nytta folk med utdanning og kompetanse innan HMS (helse-miljø-sikkerheit) og arbeidsmiljø.

Slike rådgjevarar har ein annan fagleg bakgrunn når det gjeld arbeidsmiljøutfordringar enn juristar vanlegvis har, og juristar kan alltid kontaktast dersom det skulle vera aktuelt.

HMS - arbeidsmiljø-rådgjevarar har ofte eit nært og godt samarbeid med det interne Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i verksemda, i samband med oppdrag. AMU er, som kjent, eit lovpålagt bedriftsinternt utval (ikkje politisk).


Utvalet har klare oppgåver når det gjeld problem og utfordringar knytt til arbeidsmiljøet i ei verksemd - oppgåver som ingen andre, verken personar eller utval, har - eller kan overta.