annonse

Ungdommen er taparen når gardsbruka blir dyrare

KRAFTIG PRISVEKST
KRAFTIG PRISVEKST: Gardsbruka vert dyrare og dyrare, og prisnivået har auka med 93 prosent på ti år, langt meir enn for einebustader. Norges Bygdeungdomslag er uroa. (Foto: Ingerid Jordal/Illustrasjon)

Gaute Eiterjord og Tora Voll Dombu er uroa for at gardsbruka vert dyrare og for at prisnivået har auka.

Nationen melder 28. september om ein kraftig prisvekst på gardsbruk i løpet av dei siste ti åra. Ifølgje Statistisk sentralbyrå har den gjennomsnittlege prisen auka med 93 prosent, frå 1,3 millionar i 2006 til 2,5 millionar kr i 2016. Det er og store sprik mellom fylka. Prisveksten på einebustader har til samanlikning auka med 57 prosent i same periode.

Årsaka er at politikarane stadig svekker regelverket for kjøp og sal av landbrukseigendommar. Dagens lovverk skal sikre at gardsbruka våre har fast busetjing og at jorda er i drift, men er stadig under press. Så seint som i juni vedtok eit fleirtal på Stortinget, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, å endre konsesjonslova og auke arealgrensene for når ein må søke konsesjon frå 25 til 35 mål.

Det betyr i praksis at om lag 13.000 fleire landbrukseigendommar kan seljast utan buplikt eller odel. Mange gardsbruk over heile landet, og særleg i distrikta, blir del av same eigendomsmarknad som fritidsbustader. Men gardsbruka våre skal produsere mat, ikkje bare vere trivelege feriehus.

Ifølgje eigendomsmeklarane er det ei aukande interesse for å bu på landet. Kven blir dei nye eigarane om prisane fortset å skyte i veret? Blir det unge agronomspirer som vil dyrke mat, eller eldre folk som har godt med pengar og ønsker feriehus?

Statistikken viser og at det er fleire kvinner som overtek mindre bruk enn større bruk. Skal ein satse på jamstilling treng ein dei små bruka. Stortinget har mange gonger, seinast i behandlinga av jordburksmeldinga i vår, lagt vekt på kor viktig det er med rekruttering både av unge og kvinner. Det nye Stortinget må gjere fagre ord om til handling og hindre ytterlegare uthòling av konsesjonslova.

Gaute Eiterjord, prosjektleiar i Slipp oss til – ungdom inn i landbruket og Tora Voll Dombu, leiar i Norges Bygdeungdomslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.