annonse

Utvikling og vern

TURVEGAR VED VINJE
TURVEGAR VED VINJE: Kartet som er sendt inn av Ivar Husdal viser eit omfattande nett av stiar og turvegar. (Foto: Privat)

Voss kommune har, til no, ikkje kartlagt kva slags friluftslivsverdiar kommunen faktisk har, skriv Ivar Husdal med tanke på kraftlinje mellom Oppheim og Myrkdalen.

Nord for E16 mellom, Vinje og Haugsvik, ligg eit 40 kvadratkilometer stort utmark-område med sommarstølar, vårstølar og slåttemark med utløer. Ein ressurs for framtidig utvikling for grunneigarar og kommune. Området må vernast mot inngrep som reduserer framtidig verdi. Det bør få eige namn i kommuneplanen, noko liknande som Stølsgrendene».

For 70 år sidan var heile området i bruk. Dyra møttest «klau mot klau», som det står i gamle dokument. På fleire stader sa dei gamle: «Her møttes 12 bjødlekyr».

No er heilskapen og delar av området truga av store kraftmaster og hogstgater.

Nord for Vinje har me eit eksempel på friluftsområde i utmark som no manglar vern. På 1 kvadratkilometer er det 5 km med turvegar, og tre rasteplassar med tur-bok. Dette er lite kjent, til dels heilt ukjent, for dei fleste som har uttalt seg om kraftlinje mellom Oppheim og Myrkdalen.

Voss kommune har, til no, ikkje kartlagt kva slags friluftslivsverdiar kommunen faktisk har. På den bakgrunn er det svært alvorleg for kommunen at Voss Energi motset seg offentlig synfaring omkring alternativa for linjetrasé. I området nord for Vinje kan ein sjå: Skol-groper, rev-omnar, utløer, gamle stølstufter, kolmiler. Ved planlagt kraftlinje, på Tone, ein times gange frå bilveg, er ein veteplass der dei kunne sjå eld heilt frå Gråsida. Mot Oppheim er eldste jernvinna på Voss frå om lag år 200 e.k.

Gjennom området går fleire vegar, mellom anna til Jakobskyrkja, eit unikt turmål. Ein kan gå på Kyrkjevegen frå Myrkdalen mot Oppheim. Viser her til dokument av 20. september 1702 om myrkdølene sin rett til sitjeplass i Oppheim kyrkje. Ein finn og noko av Saltvegen for myrkdølene, nemnd i Vegbotabrevet av 11. mars 1343. I eldre tid fram til år 1200 måtte hallingdøler og valdrisar gå gjennom området på veg til Gulatinget. Namn langs vegen som Hallingastette, Hallingaholene minna om dette. Fylkeskonservatoren har til no ikkje hatt høve til å gå i dette utmarks-området for planlagt kraftlinje. Og kvar er rapport om vilkåra der for storfugl, ørn, fjellvåk og hubro. Vern for utvikling er bra. Men no må me og prioritera kraftforsyning for utbygginga i Myrkdalen, no og dei neste 20 åra. Her er det fleira gode alternativ som ikkje er nemnde i konsesjonssøknaden sendt NVE.

Open sakshandsaming om dette, er det beste for utvikling og vern. Til slutt sitat frå leiarplass i «Hordaland» om Myrkdalen: «UTVIKLING HAR LIKEVEL sin pris. Utfordringa ligg alltid i samtidig å ta vare på naturen og miljøet og det som gjer bygda spesiell, så ikkje me sagar over greina me sit på. Her får bygda store utfordringar i framtidige prosjekt.»

Ivar Husdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.