annonse

Vert fråtekne offentleg pensjon ved jobbovergang til det private

OFFENTLEG TILSETTE KAN TAPA
OFFENTLEG TILSETTE KAN TAPA: – Mange med arbeid i offentleg sektor kan få ei overrasking i form av lågare pensjon enn venta, skriv Bjørn Mietinen. (Foto: Vidar Herre/Illustrasjon)

Viss du har jobba i det offentlege og opparbeidd deg pensjonsrettar der, så vil du mista delar av denne pensjonen om du byrjar å jobba i ei privat bedrift med avtalefesta pensjon (AFP).

Mange trur at når dei har rett til offentleg tenestepensjon, så er dei sikra å få to tredelar av løna i pensjon. Det er ikkje rett. Det gjeld både dei som jobbar i offentleg sektor i heile karrieren og dei som jobbar både i offentleg og privat sektor.

Offentleg sektor sin pensjonslovnad om to tredelar av løna i pensjon gjeld før det er teke omsyn til levealdersjusteringa som vart innført i samband med pensjonsreforma. Levealdersjustering vil seia at dess yngre du er, dess mindre vil du få i pensjon frå ein gitt alder. Er du til dømes fødd på 1990-talet og har heile karrieren din i offentlig sektor, vil du få under halvparten av løna di i pensjon frå folketrygda og offentleg tenestepensjon.

Me i Handel og Kontor har fått Actecan til å utarbeida ein rapport om dette. Den viser at dei som har jobba i offentleg sektor tidleg i karrieren, men avsluttar i privat sektor og der får rett til AFP, vil få avkorta tenestepensjonen dei betalte inn til mens dei jobba i offentleg sektor. Handel og Kontor meiner desse reglane om såkalla samordning av offentleg tenestepensjon og privat AFP er urimelege og bør avskaffast.

Det er fleire grunnar til at me meiner dette. For det første fører reglane til ei forskjellsbehandling av personar som har jobba i offentleg sektor i delar av karrieren og personar som har jobba heile karrieren i privat sektor.

Jobbar du heile karrieren i privat sektor, kan du ha rett til ein like god, og betre, tenestepensjon enn dei som har vore i offentleg sektor. Privat tenestepensjon skal likevel ikkje samordnast med AFP. Derfor får dei som berre har vore i privat sektor betre pensjon enn dei som har vore i både offentleg og privat sektor. Ein annan grunn til at samordninga bør fjernast, er omsynet til enkeltindivid sine moglegheiter til å planleggja eige pensjonstilvære. Det er svært få, og med god grunn, som veit at dei vil få mindre offentleg teenestepensjon dersom dei får privat AFP. Dersom du til dømes reknar ut kva du vil få i pensjon på KLP eller Statens pensjonskasse sine nettsider, vert det ikkje teke omsyn til om du får privat AFP. Du får heller ikkje informasjon om at pensjonen kan verta samordna med AFP. Me fryktar at dette vil føra til at mange vil få seg ei overrasking når det viser seg at dei vil få mykje mindre tenestepensjon enn dei hadde trudd.

Nokon hevdar at tidlegare offentleg tilsette vil få i pose og sekk dersom samordninga av offentleg tenestepensjon og AFP vert avskaffa. Ei endring av reglane vil openbert gje høgare pensjonar. Men det er ikkje slik at endringa vil gje urimeleg høge pensjonsnivå. Eit døme kan illustrera dette.

Ei kvinne med ca. 420.000 i løn som er fødd i 1970 og som jobbar 20 år i offentleg sektor og deretter avsluttar karrieren i ei privat bedrift med AFP, vil få ein samla pensjon ved 67 år på 58 prosent dersom den offentlege tenestepensjonen skal samordnast med AFP. Utan samordning ville pensjonen blitt 64 prosent. Hadde ho vore fødd i 1990, ville ho fått endå mindre; 52 prosent i pensjon med samordning og 58 prosent utan samordning av offentleg tenestepensjon og AFP.

Det er altså ikkje slik at ei endring av desse reglane vil gje urimeleg høge pensjonsnivå.

Derfor står me i HK på kravet om at det må ordnast opp i dette. For å kunna løysa denne pensjonsutfordringa meiner me det er nødvendig med eit samordna tariffoppgjer, der LO forhandlar på vegner av HK og alle dei andre forbunda i LO. Dette gjeld alle og derfor vert det best løyst i fellesskap.

Bjørn Mietinen, første nest-leder i Handel og Kontor

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.