annonse

Viktig med auka tilskot til grøfting av jordbruksareal

MØKING
MØKING: Det er viktig å sjå på kva klimatilpasningstiltak samfunnet kan organisera for å dempa dei førenemnte vanskane for jordbruket, synest Jon Hauge. (Foto: Vidar Herre/arkiv)

Auka nedbør har i dei seinare år ført til at delar av jordbruksarealet har vorte så vassmetta og blautt at det har vore vanskeleg å hausta arealet til rett tid fordi det i periodar har vore uråd å koma ut på jorda med tunge landbruksmaskiner.

Klimaprognosane går ut på at ein i periodar av året vil få auka nedbør; det er derfor viktig å sjå på kva klimatilpasningstiltak samfunnet kan organisera for å dempa dei førenemnte vanskane for jordbruket.

Avhjelpingstiltak i jordbruket p.g.a. auka nedbør er også viktig fordi det er eit vedtatt mål å auka sjølforsyningsgraden av mat ved auka norsk matproduksjon.

Det viktigaste tiltaket ein kan setja inn mot problematikken med meir vass-sjuk og blaut jord på landbruksareal p.g.a. auka nedbør, er auka grøfting. Eit viktig verkemiddel for å få dette til i praksis, er at dei politiske styresmaktene aukar tilskotet til grøfting av slik vass-sjuk jord sterkt.

Eit anna tiltak i same leia er å gå over til lettare og mindre landbruksmaskiner der det er mogeleg; dette vil også redusera jordpakking, som også i seg sjølv fører til reduserte avlingar.

Jon Hauge

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.