annonse

Voss burde gjera som Åsane – kutta parkeringsavgifta!

PARKERING SOM I ÅSANE?
PARKERING SOM I ÅSANE?: «Handelssentra i Åsane erfarer, år etter år, at inga P-avgift gjev aukande handel. Det har truleg AMFI-senteret på Voss også funne ut!» skriv Odd Tverberg og Odd Himle. (Foto: Vidar Herre)

– Problemet med å få meir folk, liv og auka handel på Vangen er gjerne ikkje større enn å endra parkeringskrava.

Iflg. Hordaland slit mange verksemder på Vangen. Og forholda for å driva butikk på Vangen har endra seg. Men det kan ikkje vera noko uoverkommeleg problem og gjera noko med situasjonen, dersom viljen er der!

Anlegg og graving bør vera eit forbigåande problem. Men forbigåande er ikkje eit anna irritasjonsmoment på Vangen, nemleg P-avgifta og risikoen for ei sviande parkeringsbot – om du er nokre minutt for sein! Det set ikkje folk særleg pris på, bilistar betaler sanneleg nok avgifter i dette landet. Berre du skal inn og kjøpa deg eit brød skal du finna P-plass, finna ein betalingsautomat, betala avgift, leggja P-lappen i bilen, så kan du gå og kjøpa brød. Eit dyrt brød blir ein 5-ar dyrare og brødkjøpet tek dobbel så lang tid som det burde!

Handelssentra i Åsane har eit yrande folke- og handleliv, og der finn folk òg store internasjonale varehus/kjeder og alt dei treng. Og – handelssentra i Åsane har vore meir framsynte enn vossingane – Åsane har ikkje P-avgift, ikkje P-vakter, og trafikk og parkering fungerer! Handelssentra i Åsane erfarer, år etter år, at inga P-avgift gjev aukande handel. Det har truleg AMFI-senteret på Voss også funne ut!

Problemet med å få meir folk, liv og auka handel på Vangen, er, gjerne, ikkje større enn å endra P-krava, Beste løysinga hadde vore som Åsane, inga P-avgift på Vangen, det nest-beste kanskje ei avgift på kr 5 pr time, folk kan handla mykje på eit par timar! Eller kanskje ei god løysing kunne vera inga P-avgift enkelte dagar, t. d. måndag føremiddag, torsdag ettermiddag og laurdag. Ei slikt ordning hadde, truleg, vore til god hjelp for forretningar og kafear på Vangen.

Men Voss har eit kommunalt P-selskap, som, truleg og skal overleva. (Ikkje noko gale sagt om P-medarbeidarane!) Iflg. Brønnøysundregistret hadde selskapet i 2016, ei driftsinntekt på vel 11 mill. kr, og resultat før skatt på 1,388 mill kr, og sju tilsette – på vetle Vangen! (Iflg. info frå selskapet er det fire tilsette). Med sju tilsette nærmar personalkostnadene seg raskt 5 mill, og med fire tilsette rundt 3 mill. I tillegg kjem kostnader med drift av kontor og P-hus, styrehonorar, og ymse (ref. resultatet).

Dersom 60 % av driftsinntekta i 2016 kom frå bilfolk som handla på Vangen, medfører det at desse betalte ei P-avgift på 6,6 mill kr. Dersom 70 % av driftsinntekta kjem frå same gruppa, medfører det ei P-avgift på 7,7 mill kr. Trur verksemder og kafear på Vangen, og kommunen, som har oppretta, eig og driv P-selskapet, trur at alle folk med bil, som handlar på Vangen, med glede, betaler ca. kr 7 mill. i P-avgift for å handla der? Viser ikkje innlegget i Hordaland om forretningar og kafear noko anna?

Om nokon hevdar at kollektiv transport er løysinga, så kan dei vera litt på villspor. Skulle det, tilfeldigvis, gå buss når ein «bygdabuar» som har handla på Vangen, kjem slepande med ny go’stol, eller nytt kjøkkenbord og seks stolar, så er ikkje det så enkelt å få dette med seg på ein minibuss til Øvre Fenne. Og med færre bussruter, bort sett frå skuleruter, så fungerer vel ikkje kollektivtransporten like godt alle stader.

Folk skal både ha med seg det dei handlar, og dei vil helst reisa heim når det passar. Har folk utan bil, og som bur litt avsides til i bygda, på eit vis, klart å karra seg på Vangen ein laurdag for å handla, så går det, kanskje, ikkje buss heim att før skulebussen på måndag. For dei fleste, er det i lengste laget å venta. Fjording og fjørakjerre, og sluffeslede om vinteren, kan gjerne vera løysinga for nokon? Men fakta er, enten alle likar det eller ikkje, at utan bilen så fungerer ikkje samfunnet, det stoppar – og Vangen stoppar!

Odd Tverberg og Odd Himle, for fleire

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.