annonse

Voss City! Seriøst?

VOSS STASJON
VOSS STASJON: Vegvisaren mot City centre vekkjer meir åtgaum enn skakke vegger på kulturhuset tvers over vegen for den nye utgangen frå Voss jernbanestasjon. (Foto: Arne Hofseth)

Medan smålåtne vossingar avstår frå å gje Vangen bystatus, slår Bane NOR på stortromma.

Skilt som viser veg til City centre er kome opp ved utgangen frå den oppgraderte jernbanestasjonen. For folk som må ty til engelsk for å orientera seg.

City-status er for storbyar eller dei som har domkyrkje. Handels- og administrasjons­byen Wrexham i Nord-Wales har strevd lenge, men mislukkast. Skarve 61.000 innbyggjarar blir for smått.

Men kva skal stakkars Bane NOR gjera? Village center vil engelskmenn le seg endå meir skakke av.

Town centre ville dei sjå på som naturleg. Det får ikkje hjelpa at vossingane insisterer på at Voss er ei bygd, og Vangen eit bygdesenter.

Arne Hofseth

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.