annonse

Voss – eit berekraftig reisemål

ANSVARLEG TURISME
ANSVARLEG TURISME: – Hordaland presenterte tal frå Destinasjon Voss som syner vekst i talet på overnattingsdøgn på 15 prosent. Med vekst i besøkstala kjem auka inntekter, men ôg slitasje og ulemper, påpeikar Øystein Ormåsen. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Kan Voss bli ein føregangskommune for ansvarleg turisme?

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil at Voss kommune løyver 200.000 budsjettkroner til arbeidet med sertifisering av Voss som Berekraftig Reisemål. Ei slik sertifisering vil sikra klok forvalting av natur og kulturminne, og vil styrkja reiselivsnæringa. Difor er dette ei god og framtidsretta investering.

Turisme er ei av dei raskast veksande næringane globalt. Dette synest att her på Voss. Førre veke presenterte avisa Hordaland tal frå Destinasjon Voss, som syner ein vekst i talet på overnattingsdøgn på over 15 prosent sidan førre året. Det er ein svært kraftig auke.

Ein trend i internasjonalt reiseliv er at stadig fleire reisande søkjer autentiske natur- og kulturopplevingar. Mange ønskjer ein aktiv ferie i trygge og naturskjøne omgjevnader. Voss har mykje å by desse gjestene. Dette er gode nyhende for reiselivsnæringa på Voss.

Med vekst i besøkstala kjem auka inntekter, men ôg slitasje og ulemper. Døma er mange, anten ein ser til Trolltunga, Preikestolen, Geiranger, Lofoten eller Nærøyfjorden. Natur, økosystem og kulturminne lir under slitasje og øydeleggingar. Fastbuande får problema på nært hald. Utan styring kan trafikken føra til redusert kvalitet på opplevinga for dei tilreisande, og lokal misnøye med på kjøpet.

Dei reisande vert stadig meir miljømedvitne, og planlegg feriereisa si på eiga hand. Nettsider og omtale i sosiale media gjev rask tilgang til all naudsynt informasjon. Medvitne reisande vel reisemål med grøn profil, der det er mogeleg å delta på aktivitetar og sjå attraksjonar som inneber minimal ressursbruk og som etterlet eit minimalt økologisk fotavtrykk. Denne åtferda vil forsterka seg i framtida. Reisemål som er på etterskot med berekraftsatsinga, vil mista gjester.

Sertifiseringsordninga for Berekraftige Reisemål er forvalta av Innovasjon Noreg. Førebels er ni reisemål sertifiserte her til lands. Lærdal, Geilo og Vegaøyane er mellom reisemåla på lista. Innovasjon Noreg bistår reisemåla i dette arbeidet, under føresetnad av at reisemålet sjølv tek initiativet. Det er eit krav at kommunen, destinasjonsselskapet og reiselivsnæringa saman må bidra. Å verta sertifisert som eit berekraftig reisemål er ein omfattande prosess, som tek opptil to år. Signala frå Destinasjon Voss er at dei treng auka ressursar for å koma i mål med dette arbeidet.

Det som er godt for naturen og kulturminna, er godt for reiselivet. Det som er godt for reiselivet, er godt for Voss. Året 2017 er FN sitt internasjonale år for berekraftig turisme og utvikling. La Voss bli med på markeringa ved å løyva pengar til ei satsing på sertifisering som Berekraftig Reisemål.

Øystein Ormåsen, leiar Miljøpartiet Dei Grøne Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.