annonse

Voss kommune og Bømoen flyplass

– KOMMUNEN HAR SVIKTA
– Kommunen har svikta: – Voss kommune har svikta når det gjeld driftsansvaret for flyplassen på Bømoen, meiner Reidar Berge som er tidlegare kommuneoverlege på Voss. Spesielt rart synest han det er når festivalaktiviteten under Ekstremsportveko og FreeFlyveko ikkje skal reknast med. (Foto: Knut Markhus/Arkiv)

Voss kommune har driftsansvar for Bømoen flyplass. Med slikt løyve fylgjer det ansvar. Her har kommunen dessverre svikta over år.

Den som har konsesjon er òg ansvarleg for støykartlegging. Det er òg Voss kommune som har ansvar for tilsyn av at dette skjer. Begge delar har svikta. Forsvarsbygg fekk for første gong utarbeidd støyrapport for flyplassen i 2004. Denne var basert på 2488 rørsler. I samband med mulig sal vart det i 2011 utarbeidd ny rapport, no med 4320 rørsler. Dette var etter opplysning frå kommunen.

Denne auken i aktivitet hadde skjedd, etter det eg forstår, utan at det vart gjort vurderingar i forhold til støy. I 2011 søkte så Voss kommune Luftfartstilsynet om konsesjon for 4000 rørsler, altså etter reell auke hadde skjedd og utan konsekvensutgreiing. Kommunen hadde misforstått begrepet rørsler, og søkte samme år om konsesjon for 8000 rørsler, framleis utan støyvurdering først.

Kommunen vart av Luftfartstilsynet gjort merksam på at støykartet frå 2011 dermed ikkje var korrekt. Kommunen gjorde ikkje noko med dette. Busetnaden kring Bømoen har dermed lege i gul sone i mange år utan at dei har blitt gjort merksame på det. Kommuneplan 2011-2022 hadde støysoner frå støykartlegginga i 2004. Kommuneplanutkast for perioden 2015-26 som vart lagt ut til høyring, hadde eit støysonekart basert på ca. ein fjerdedel av det som kommunen omtalte som dagens aktivitet. I den ferdige planen er nyare støykartet tatt inn.

I samband med utarbeiding av områdeplan for Bømoen er det gjort ny vurdering av støyen og utarbeidd nytt støysonekart med fleire alternativ for reduksjon av støyen. Dessverre er vel denne kartlegginga alt i utgangspunktet feil, då det etter det ein forstår er nytta feil trafikktal, ikkje minst kva tid dette skjer (meir om kvelden). Meir rart er det at i utarbeidinga av kartet og i det føreslåtte alternativet for støyhandteringa, er såkalla festivalaktivitet tatt ut. Dette gjeld flyrørsler i Ekstremsportveko og den såkalla Freefly-veka.

Bakgrunnen for dette er eit initativ frå Voss kommune om å få gjort dette. Fylkesmannen sin miljøvernsjef meinte at dette kunne aksepterast. Dette er heilt klart feil i høve til Veiledar for støyvurdering i arealplanlegging, T-1442. I denne står det at all flyaktivitet skal vera med i utrekningsperioden og at stemne skal reknast med. I veiledaren er det òg nemnt at innskrenka opningstid er eit aktuelt tiltak for å redusera støynivået.

I saksutgreiinga er det sagt at ved å unnta dei to vekene frå utrekningsgrunnlaget (og noko redusert kveldsaktivitet) oppnår ein det som har stått i alle år i kommuneplanen at støy, inkludert flyplasstøy, skal reduserast. For å oppnå mål definerer ein altså vekk det som ikkje passar. I planarbeidet er òg sagt at den såkalla festivalaktiviteten kan aukast. For å sukra pilla heiter det at dei som bur i naboområdet skal varslast når dette skal skje, «slik at naboer kan tilpasse og ta sine forholdsregler til festivalperioden». Kva dette skal vera, er ikkje sagt.

Det synest vera mange som meiner at i alle fall delar av Bømoen bør vera ei friområde. Det kan jo vera bra av mange årsaker, men då bør kommunen som planmyndighet sjå sitt ansvar i høve til støy i slike område. Ut frå det eg har forstått, er det mange politikarar som synest meina at aktiviteten ved Bømoen flyplass skal vera uendra. Kanskje ein først får få kommunen til å gjera ei betre vurdering av støyproblematikken enn det dei over år har gjort – og framleis synest gjera.

Av Reidar Berge

Hordaland har kontakta Voss kommune for å gje sjansen til å kommentera innhaldet, men grunna sjukdom har me ikkje fått svar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.