annonse

Ytringsfridom og eigedomsrett

BØMOEN
BØMOEN: – I dag er det mange aktørar som er heilt avhengige av og tek det som ein sjølvsagt rett å bruka naturen på Voss som sitt «næringsområde» og friområde, skriv Asbjørn Tveite i Ordet fritt. Biletet er frå Bømomarsjen. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

At Tore Nyborg velgjer å ikkje gje etter for press, står det stor respekt av. Men kva er det eigentleg han ynskjer å oppnå?

Eg kjenner berre konflikten mellom Voss ski- og tursenter og Spilde entreprenør gjennom media. Men det som er kome fram der, viser vel at konflikten er varm nok som den er. Nyborg bør vita at ein ikkje sløkkjer brann med bensin. Eg kan vanskelig sjå at Nyborg sin martyrdød kan gagna konflikten. Mulig den gagnar ei anna varm sak ...

Historisk sett er det vel svært få viktige saker som har vorte løyste i media. (Spesielt når media ikkje evnar å halda ei nøytral rolle.)

Eg er rimelig sikker på at denne saka vert løyst til slutt. Spørsmålet er vel berre kor mange mothårs kamelar som skal sleppast laust før partane møtest.

Nyborg er bekymra for ytringsfridomen og har respekt for eigedomsretten og det er flott. Eg meiner eigedomsretten står mykje svakare enn ytringsfridomen på Voss.

I dag er det mange aktørar som er heilt avhengige av og tek det som ein sjølvsagt rett å bruka naturen på Voss som sitt «næringsområde» og friområde.

Dette er eg ein stor tilhengjar av, vel å merka så lenge dette vert gjort på grunneigaren sine premissar. Men kva når grunneigaren sine næringsinteresser ikkje lenger harmonerer med dei som har lånt/teke seg til rette på eigedomen. Skal t.d. ein bonde få utvikla driftsgrunnlaget på bruket sitt, sjølv om dette ikkje passar inn med ein aktør som lever av å selja annan manns grunn?

Er t.d. ei skiløype berre eit spor i snjoen, viss den legg band på og stoppar grunneigaren sine andre planar for området? Same gjeld i elv, vatn osv.

Skal Voss leva av uberørt natur i framtida? Bør då grunneigarar i pressområde få betalt for sin uberørte natur?

Respekten for eigedomsretten bør takast på alvor.

Eg har respekt for og ynskjer alle aktørar som er avhengige av annan manns grunn alt godt. Men til sjuande og sist er De ein husmann, uavhengig av kva bil eller dress De måtte ha.

Asbjørn Tveite

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.