annonse

Spretthopp med buk­landing

KVITANESEN
KVITANESEN: Torbjørn Ljones. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

No er det ikkje lenge før vossingane kjem ut av smyrjebuene og sender søknaden om OL til fiktaren frå Wurzburg, Thomas Bach.

Me er nesten jamgamle, sjølv om det ikkje kan sjå slik ut. Då eg møtte han på Lillehammer for to år sidan ville han vita litt om korleis løypene såg ut der vest og om det ikkje var mykje regn og sørpeføre. Eg fortalde han sjølvsagt om Bavallen der eg som liten gut i lag med far min hadde sett friskusen frå Ogndalen vorte noregsmeister framfor stilhopparane Toralv Engan og Hans Olav Sørensen.

Det var so kaldt den dagen at me måtte gå i to udler og likevel blåfraus far min stortåa si opp Kyrkjeteigen fordi varmeapparatet i den vesle Forden svikta nedanfor Spildo.

IOC-presidenten er so mange veit ein nytenkjar og i år var det mange nye øvingar på programmet, blant anna fellesstart på skeiser og all slags rare kulerenn. Eg ymta frampå til hans exelense Thomas om at kanskje vestlendingane kunne ta det eit skritt vidare og nemnde blant anna den vesle spretthoppbakken Odd Rolland hadde snikra på Drevtjørn som antakeleg vert reservearena dersom dei ikkje får bygd ny veg på Vossastronde. Baklengs salto med skru, beksaumsko og raud anorakk. Slik kan OL koma attende til røtene.

Eg saknar ei øving eg såg på i OL 1994: skiballett. Dei skreid so elegant ned bakken, veiva med stavane og kasta skia opp i lufta til klassisk musikk. Eg prøvde å forklara til presidenten over ein kopp kaffi at i Hardanger var det ikkje so mange ballettdansarar, men at me har noko som me kallar polka med støyt. Eg tenkte at det kanskje i kombinasjon med miniski kunne verta ei øving god nok dersom me fekk sett i stand att den gamle Hydlebakken.

Skiskyting er ein populær idrett og IOC-presidenten likte å høyra at det var eit godt pil- og boge miljø i Ulvik. Sporten går attende til vikingane, og eg fortalde at me no hadde Ove Erdal i bygda, den fremste bogeskyttaren I Noreg sidan Einar Tambarskjelvar. Han trudde det kunne la seg gjera å isleggja fjorden og arrangera snabelskeiserenn med oppsette blinkar for bogeskyttarane. Du hendelse for TV-bilete! Onen i sol i bakgrunnen, den blanke stålisen og dei skjeggete skyttarane med spende bogar i framgrunnen.

Opningssremonien er vanskeleg å få til slik me såg han i Korea. Men det er ikkje det viktigaste for IOC, berre me kunne få Skulemusikken til å spela pengegalloppen.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.