annonse

Sykling i sørpa

KVITANESEN
KVITANESEN: Torbjørn Ljones. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

I haust var eg og med på eit sykkelløp. Det var ikkje nett verdsmeisterskap, men for meg var det viktigaste å vinna over meg sjølv.

Då eg var i mål, såg eg ut som ein fyrstegenerasjons innvandrar. Men eg kom meg raskt i dusjen og vart ikkje kasta ut av landet.

Eg hadde aldri tenkt å vera med, men dagen før kom naboen og sa han hadde fått luft i magen om natta, augene rann og kjerringa var bortreist. Difor kunne eg få eit nummer av han.

Me skulle sykla meir enn ni mil utan kvila, gjennom lyng og lauvsalar, over stryk og myrland. Eg visste at den gamle Gitanesykkelen eg kjøpte for sluskepengar i 1975 stod på naustet. Og bak den gamle aurenota til Magnus i Holmen, under eit måleri av Liagutane, bak bokskapet til gamleklokkaren, der ruva det raude fartsgliset. Eg prøvde om hjula gjekk rundt etter so mange år, og om bremsane virka. Dei ula som grisen på si siste reis ned bakkane, men litt olja gjorde susen. Ulyden vart i alle fall borte.

Dei melde kulde over fjellet og eg kledde meg i ull. Ytst sprengde eg på meg den gamle fanajakka eg la att på Ulvik Hotell hausten treogsytti, etter eit høgtravande seminar om holet i kvardagen. No kom ho til sin rett att.

Den fyrste mila gjekk hivande, som besten sa. Eg la meg flat over bukkestyret som ein Peer Gynt med skarre-r. Kjende direktørar og oslofjes la seg etter meg som ein galen gåseflokk. Dei hadde syklar lette som fjør, tappeslangar frå sekken og blåe, rare tubar hangande slapt frå munnen.

Litt før halvvegs stoppa eg for å eta. Oppe i skogen fann eg ein nokså turr plass under ei fura og tok fram nista: to sefstaholmeple, kråtakaka, kavring og spannadravle. Vatn var det nok av der eg sat.

På Kvarstadammen ville mange snu og reisa heim. Mannfolk frå Ullern med hytta på Ustaoset storgrein og småskalv. Ein hadde fått stein i auga, ein annan auga i steinen. Tennene klapra som morseapparat, og syklar til ein middels minstepensjon låg strødde i grøfta.

Eg let storsyklarane fara og fall inn i min eigen takt. Over fjellet kjende eg sludden i ryggen. Men det hjalp å syngja «Vesle lerka». For ho trudde på vår med ein einaste gong.

Eg treng berre ein av desse soldagane i september.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.