annonse

Takk til fylkespolitikarane for at dei ser verdien av skulen på Hjeltnes

GODE UTSIKTER
GODE UTSIKTER: – Velkomne til Ulvik og Hjeltnes – og lukke til med livet! seier Steinar I. Bergo. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

No ser det ut til at politikarane i Fylket, bortsett frå Høgre og Frp, har skjøna verdien av å halda liv i den tradisjonsrik skulen i Ulvik, utnytta flotte bygningar, ressursar og ikkje minst ser behovet for å fanga opp ungdommar som fell utanfor. Vinninga er stor både for den einskilde og samfunnet!

Som pensjonert lektor og rådgjevar på Hjeltnes, og erfaringar frå samarbeid med PPU, vil eg gjerne understreka at elevar som tek til på vidaregåande, ofte «har liten farge» av det grunnkurset dei har søkt på. Dei har uklare tankar om yrke som kokk, helsefag, naturbruk eller ...

Etter Reform-94 trudde mange at studiekompetanse var det einaste som førde fram. Noko som både har ført til taparar og mangel på praktikarar i Noreg. Men no kan produksjonsskule på Hjeltnes verta ei av boterådene!

At Hjeltnes ligg i distriktet, har av nokon vorte oppfatta som eit minus. Når der er buss til døra, ungdomskort og Facebook, må det heller sjåast på som eit pluss! Med internat, flott kantine og mogelegheit for å ta vare på elevane heile døgeret kan ein skapa både rutine og fellesskap for ungdomar som kanskje har «mista litt tråden.»

SKRIBENTEN
SKRIBENTEN: Steinar I. Bergo. Foto: Ingerid Jordal/arkiv

Det gjeld at både ungdommar, foreldre og administrasjon ser dette og stør opp om opplegget. Hjeltnes har mykje å by på når det gjeld personale og praktiske aktivitetar. Men punkt nummer ein må vera at ein satsar på aktivitetar som skaper hygge og trivsel. Desse ungdommane treng rutinar, å verta sette, kjensle av praktisk meistring og eigenverdi. På eit nytt og positivt grunnlag kan dei verta «kva som helst» på eit praktisk- og/eller teoretisk utdanningsløp etterpå.

Velkomne til Ulvik og Hjeltnes – og lukke til med livet!

Steinar I. Bergo – pensjonert lektor Hjeltnes vgs.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.