annonse

Togreise gjennom Europa

TIL LANGTURAR OGSÅ
TIL LANGTURAR OGSÅ: – Toget eignar seg ikkje berre for turar i vårt eige distrikt. Med Voss som utgangspunkt går det greitt å dra på lengre reiser, som til Italia, skriv Sigurd Solberg. Han har også erfaringar frå den transsibirske jernbanen. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Klima, kunnskap og kjærleik. Det er flere årsaker til å reisa med tog – og for å skriva om det.

Me bør reisa mindre med fly, fleire av reisene bør gå med lite utslepp – med tog, sjølv om det tek lengre tid. Er alt privatisert bort og vekk? Hastigheit, kor viktig er det? Korleis er eigentleg europeisk jernbane i 2018?

Då me kom til Beijing etter to veker på sporet med den Transsibiriske jernbana i 2009, sa me: er me her alt? Då hadde me hatt verdas finaste togtur, opplevd russisk-mongolsk-kinesisk landskap som ein roleg draum, saman med to vener. Kan togturar framleis vera flotte og gje rom for refleksjon? Er planlegginga framleis nesten like spennande som sjølve reisa?

Me reiser til Italia. Å reisa dit er eigentleg og ein draum. Dei fleste nordmenn har det kan henda slik? Varme, sjarmerande landskap og byar. Eit flott språk. Me har ein part i eit norsk-italiensk studiesenter i Tolfa, 50-60 km vest for Roma, ca 500 m over havet. Me reiser dit 2-3 gonger i året. Me går turar, treffer folk, deltek på kurs, badar i sjøen eller i varme kjelder. Det hender ofte at me er der om vinteren. Siste turen var i februar 2018.

Men eg ville ikkje reisa med det vanlige transportmiddelet, fly, eg ville reisa med tog! Venner har hatt framlegg om det lenge. Ikkje berre prat om det! Gjer det! Som pensjonist hadde eg ikkje noko val lengre. Eg måtte.

Eg planla ei reise i februar 2018 med passe lange dagsetappar (6-11 timar) og billege overnattinger undervegs. Billeg vil seia om lag 500 kr for enkeltrom, på stader der raske tog stoppar. Det betyr stort sett: ikkje store byar.

Det skulle vera ein hyggjeleg tur. Lite bagasje, litt litteratur, ikkje noko mas, kan henda på nye stader? Eg kjøpte interrail-billett for folk over 60 år, med 5 valbare reisedagar, men tenkte litt for fort: togruter vert nokre gonger sett opp så seint som 2-3 månader på førehand. Nokre ruter er dårlegare enn andre: spesielt Oslo–Gøteborg–København. Eg tinga for tidleg og i ei ugunstig tid (måtte passera Sverige i helga). Som resultat måtte eg då nesten reisa til Stockholm for å koma til København. Nokre veker før eg skulle reisa, sette NSB opp tog til Göteborg. Til planlegginga brukte eg tyske bundesbahn (www.bahn.de). Dei har opplysningar om alle tog (til, frå rutetider, skiftetider). Sjå også www.interrail.eu/en og www.seat61.com.

Det som var kronglete og kostbart, var kravet om plassbillettar/reservasjonar. Dei fleste hurtigtoga i Italia, Sveits og Sverige har krav om slik reservasjon. I dei andre landa var det ikkje eit krav, men for populære tog måtte du reservera plass for å få sitja på ein fast plass. For ei roleg, sammenhengjande reise vart reservasjon dermed naudsynt.

Interrail hadde heldigvis ei felles ordning for reservasjon i alle land. Eit forhold som ikkje lagde vanskar for meg, men som det vert skrive mykje om, er forseinkingar og krav om nye billettar. Det er vanskeleg å seia kor alvorleg dette eventuelt er, men dersom transport med andre selskap (enn det du har billett til) er naudsynt, må du i stor grad snakka med stasjonsbetjening/jernbaneselskap m.v. for å få halda fram reisa gratis. Det kan tydelegvis gå bra, men er opplagt ein kjedeleg konsekvens av privatisering og oppsplitting.

Eg erfarte at transport med lokaltog var OK, og ein grei metode for å unngå krav om reservasjon ved grensekryssande passering.

Sjølve reisa:

1. dag: Voss–Oslo. Bergensbanen, spesielt høgfjellstrekninga Mjølfjell–Geilo er kanskje den flotteste jernbanestrekninga i Norge og på heile turen (godt vêr er naudsynt). Snø og vatn heile året. Overnatting hjå kjende i Oslo.

2. dag: Oslo–Södertälje–Norrköping (raskt tog X2000) til Södertälje. Sørøstre Sverige var nytt land for meg. Spisevogn og god plass. Langsamt tog til Nörrköping, trass i at toget het «Snälltoget». Dette var eit privat tog som hadde låg pris, toget var fullt av reisande som tydeleg reiste billig: folk som til dømes hadde vore på/skulle på sjukehus. Likevel: mykje var tillete som ikkje var tillete i vanlege tog: både hundar og kattar fekk reisa i kupeen, og begge partar skreik høyt. Bra for dyra, men ikkje for menneska. Hotel-overnatting til 529 kr. Helt grei standard og frokost.

3. dag: Norrköping–København–Lübeck (x2000 til København). Rask togtur og ferje Rødby–Puttgarden. Toget skulle ha 5 vogner og fullt av folk sto klare på perrongen. Men det var ein feil på to vogner, så toget køyrde med berre 3 vogner. Mange menneske, også born, måtte stå i midtgangen, 4 timar til Lübeck. Toget drygde berre eit par minutt før det måtte køyra for å rekkja ferja (var i rute i Lübeck). Mens internett var sjølvsagt i x2000 i Sverige, kravde danskene at du hadde kjøpt avtale før du gjekk på toget. Godt hotell og frukost til 53 Euro.

4. dag: Lübeck–Hamburg–Basel–Bellinzona. Raske tog i Tyskland. Lokaltog fram til Hamburg. Velutstyrt og raskt tog med spisevogn fram til Basel. Regiontog i Sveits. Og i sør snakka alle italiensk! Toget tok den 57 km lange, nye tunnelen under Gotthard-passet. Det var karneval i Sveits! Det var som å vere i Italia allereide (men måltid og hotell kosta jo tre ganger så mykje som i Italia). I Sveits var internett på tog ukjent. Du måtte ha eigen avtale.

5. dag: Bellinzona–Milano–Bologna–Roma–Civitavecchia, og Cotral-buss siste stykket til Tolfa. Første dagen med store arbeid – og forseinkingar. Eg heldt på å mista toget i Milano, men det gjekk! Superraskt tog i Italia 300 km/t. Toget er verkeleg trongt, du kan trengja «skohorn» for å koma på plass. Nesten alle reisande har korterma skjorte, PC og minst ein telefon, som er i bruk hele tida! Flott stopp og lunchavtale i Bologna. Her bruker de penger på klær og god mat! Men, det er først når togene går virkelig raskt at forsinkelsene også blir store. Eg mista det neste lokaltoget frå Roma, og var klar til å betale dyrt for taxi det siste stykket for å rekke fram den kvelden. Men lokalkunnskapen redda meg. Den siste bussen gjekk heilt frå Roma og var sterkt forseinka (som lokalkunnskapen sa). Eg fekk reisa gratis, til Tolfa

Oppsummering: Det går greitt med tog! Neste gong vil eg nok velja ein tur med endå fleire overnattingar, og avslutta dagens reise tidlegare.

Den langsame reisa, som høver fint for pensjonistar, bør nok supplerast med ein raskare versjon. Nattog er naudsynt for å kunna reisa Oslo–Roma på under eitt og et halvt døger, og det er veldig få nattog tilgjengelege i dag, stort sett berre mellom Hamburg og Basel.

Det må nok bli dyrare og vanskelegare å flyga før dette blir endra.

Den aktuelle reisa kosta 30 prosent meir enn ei midlare flyreise til Roma, men den inneheldt både overnattingar og ein del (dyre) reservasjonar. Alt kan skje med prisutvikling og tilbod både for fly og tog. Kva som blir prisane f.eks. om to år, krev fleire reiser og analyser. Reis og skriv!

Sigurd Solberg, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.