annonse

Unike arkivsaker kan gå tapt

GJELD HEILE LANDET
GJELD HEILE LANDET: Unike dokument og bøker kan verta skadde i kyrkjebygg rundt om i heile landet. Fotoet viser utsnitt av ei kyrkjebokside som viser døypte i Kaupanger, Sogndal. Då det brann i Stedjetunet i Sogndal 3. desember 2017, trengte det vatn inn i safen der kyrkjebøkene og andre arkivsaker var lagra. Det tok nesten to veker før innhaldet i safen vart tømt, pakka i plast og frose ned. Nokre av sidene er delvis uleselege på grunn av at blekket har flote utover. (Foto: Marianne Herfindal Johannessen/Arkivverket)
KRONIKK
KRONIKK: Av Marianne Herfindal Johannessen. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Fleire uheldige hendingar som inkluderer både brann og vatn har ramma kyrkjebøker dei siste åra. Det er risikabelt å oppbevara unike ­arkiv på loft, kjellar, uthus eller i såkalla brannsikre skåp.

  • Marianne Herfindal Johannessen

Det er diverre vanskeleg å sikra seg 100 prosent mot skadar frå brann og vatn, ikkje minst på grunn av klima og vertilhøve som ikkje let seg styra. Det ein likevel kan og bør gjera noko med, er å sikra at det ikkje er lagra viktige kulturhistoriske arkiv usikra på loft og i kjellarar, i uthus eller i såkalla brannsikre skåp. Elles er det stor risiko for at unikt arkivmateriale går tapt som fylgje av brann- eller vasskader, eller at dei vert stolne ved innbrot.

Ein må difor sjå til å få slike arkiv inn i spesialrom for arkiv. Dette gjeld sjølvsagt både for offentlege og private arkiv. I det fylgjande vil eg seia noko om konsekvensane ved dagens situasjon for kyrkjebøker og ­resten av prestearkiva.

EI ARKIVSAK ER unik og finst berre i eitt eksemplar, i motsetnad til trykte bøker som det finst mange av. Mange slike papirarkiv er trass i dette ikkje lagra slik arkivlova fastslår. Eit godt døme er små arkiv som er skapte i kvar einskild kyrkjelyd i den tidlegare norske stats­kyrkja.

Desse arkiva dokumenterer ikkje berre rettane våre, men er spesielt kulturhistorisk viktige for det distriktet dei omfattar. Det er av di presteskapet tidlegare var involvert i alt som skjedde med innbyggjarane i soknet, frå vogge til grav. Eit døme på arkivsaker etter prestane er kyrkjebøker som har vore førte i Noreg sidan tidleg på 1600-talet.

Dei eldste kyrkjebøkene er avleverte til Arkivverket sitt regionale nett av statsarkiv, medan kyrkjebøkene frå dei siste 70-80 åra framleis er lagra på dei ulike prestekontora. Kvart einskild prestegjeld har naturleg nok ikkje spesialrom for arkiv. I motsetnad til kyrkjebøkene som står i brannsikre skåp, er ofte resten av arkivsakene frå prestegjeldet frå dei siste 100 åra lagra meir usikra mot brann og vatn. Det er mange døme på at gamle prestearkiv er funne i ulike rom i kyrkjene eller kyrkje­tårna, på loft og kjellar i prestegardane, eller i uthus og andre fråflytta bygningar.

MANGE KYRKJEBØKER ER tapte i tidlegare brannar, men slikt bør ikkje skje i vår tid. På Vestlandet har fleire uheldige hendingar dei siste åra ført til at kyrkjebøker har stått i fare for å gå tapt grunna brann- eller vasskader, trass i at dei har vore lagra i brannsikre skåp.

I Sunnhordland i 2015 vart kyrkjebøker frå fire ulike kyrkje­sokn utsette for vatn, sjølv om dei sto i eit brannsikkert skåp i 2. etasje i eit offentleg bygg. Mesteparten av informasjonen i desse let seg redda ved hjelp av ein fryseturkar og tilsette ved Bergen byarkiv og Statsarkivet i Bergen.

I desember 2017 vart bygget der prestekontoret for Sogndal og Leikanger i Sogn og Fjordane heldt til totalskadd i brann. Først etter nærare to veker fekk tilsette ved kyrkjekontoret koma inn i bygget. Dei to brannsikre skåpa som inneheldt kyrkje­bøkene og andre arkivsaker, overlevde brannen, men sot og vatn frå brannsløkkinga hadde trengt inn og vidare inn i bøkene­. Til alt hell var det vinter og kaldt, slik at bøkene til dels var frosne. Hadde dette skjedd om sommaren, kunne dei våte bøkene dessutan ha vorte utsette for sopp/mugg. Då ville redningsaksjonen blitt vanskelegare.

No ligg kvar av desse bøkene innpakka i plast i ein fryseboks ved Statsarkivet i Bergen. Det er godt håp om at innhaldet i bøkene skal vera mogeleg å lesa etter fryseturking og konservering. Det vil ta ein månad eller to før ein veit sikkert om det lukkast også denne gongen. Det er på sin plass å varsla om at brannsikre skåp ikkje er eigna til langtidslagring av viktig arkiv­materiale.

ARKIVA ETTER DEN norske kyrkja er statlege fram til utløpet av 2016. Difor må desse arkiva avleverast til Arkivverket etter gjeldande regelverk for offentlege arkiv. Det er det tidlegare kyrkjedepartementet (kulturdepartementet i dag) som har utforma reglane om kva tid kyrkje­bøkene skal avleverast.

Gjeldande regelverk for kyrkje­bøker er at dei skal sendast næraste statsarkiv 80 år etter siste innføringa i boka. I praksis tyder det at ei bok som er utskriven i 1938 skal til eit statsarkiv i 2018, medan ei som vart utskriven i 2010 ikkje skal avleverast før i 2090! Denne 80-årsregelen utgjer dermed ein stor fare for at arkivsakene går tapt før avlevering på grunn av oppbevaringsforholda i mellomtida.

EIN MÅ SIKRA at dei som treng attestar frå kyrkjebøker i dag får slike skrivne, men og at ettertida skal kunne bla i kyrkjebøker fram til ein slutta å føra slike på papir. Ei mogeleg løysing for kyrkjebøkene er at dei vert avleverte til næraste statsarkiv no, vert digitaliserte og vert tilgjengelege for tilsette på prestekontora gjennom påloggingsløysing i Digitalarkivet.

Arkivverket er oppteke av at unike arkivsaker vert sikra for framtida. Arkivverket ynskjer difor eit forpliktande samarbeid med Den norske kyrkja og Kulturdepartementet om ein tidsplan for avlevering av desse arkiva.

Marianne Herfindal Johannessen, arkivar i Arkivverket

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.