FOR FYRSTE GONG: Inger-Kristine Riber framfører Geirr Tveitt sin pianokonsert for aller fyrste gong, på konserten med Fossegrimen neste sundag. PRIVAT FOTO

Mektig musikk innleiar Fossegrimen sin 100. sesong

«Det kan falle dårlig og virke lettkjøpt, men Tveit har gjort det meget morsomt med en pianistisk takknemlig solostemme og meget talentfull instrumentasjon».

Publisert 19.03.2017 kl. 19.30. Oppdatert kl. 10.27.

Orda tilhøyrar ingen ringare enn Harald Sæverud, og det er Geirr Tveitt sin pianokonsert i tre satsar, urframført 5. juni 1931 i Leipzig, han uttalar seg om. Ein pianokonsert Inger-Kristine Riber skal vera solist i, på den fyrste av Orkesteret Fossegrimen sine konsertar i sin 100. sesong sundag 26. mars. Både kommunen og fylkeskommunen støttar konserten økonomisk, i tillegg til orkesteret sin faste sponsor, Voss Sparebank.


Storslått

Og det er litt av eit program Fossegrimen byr på i den fyrste jubileumskonserten. Konserten i Voss kulturhus opnar med ein sats frå Edvard Frieg sin musikk til Peer Gynt. Satsen ber tittelen Stormfull aften ved kysten og vert denne gongen framført i Halldor Krogh sitt arrangement til stumfilmen Brudeferden i Hardanger.

Etter Geirr Tveitt sin pianokonsert, tek programmet oss vidare - frå perle til perle i orkesterlitteraturen. Fyrst med Modest Mussorgskij sitt symfoniske dikt Natt på Bloksberg, i Nikolaj Rimskij-Korsakoff sitt arrangement. Øystein Haga er fløytesolist i menuetten frå Georges Bizet si andre l'Arlesienne-suite. Så kjem tre satsar frå Bilete frå ei utstilling av Mussorgskij. Dei tre satsane er Det gamle slottet, Huset på fuglebein og Den store porten i Kiev, i Maurice Ravel sin versjon.

Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde svingar taktstokken.


Helsing

Det er ikkje heilt tilfeldig at Fossegrimen har valt Tveitt sin pianokonsert som hovudverket på den fyrste jubileumskonserten. Geirr Tveitt - eller Nils Tveit som han heitte den gongen - tok eksamen artium ved Voss landsgymnas i 1928. Han var også musikar i Orkesteret Fossegrimen dei åra han var på Voss, og det er mykje truleg at han i alle fall tok til å skriva på pianokonserten sin medan han var gymnasiast. Sjølv hevda han i alle fall at han berre var 19 då han skreiv konserten, og det var han i 1927. Sikkert er det vel i alle fall at han tok med seg førearbeida då han reiste til Leipzig for å studera i 1928, og at han gjorde konserten ferdig der i 1931. 16 år seinare omarbeidde og forbetra han instrumenteringa totalt, og det er denne versjonen me får høyra på konserten.

Framføringa av Tveitt sin pianokonsert er ei helsing frå ein hundreåring til ein annan: Fossegrimen helsar Voss gymnas som feira sitt jubileum i 2016.


Sjeldan

- Det er ikkje kvar dag denne konserten vert framført, seier Inger-Kristine Riber. Fem år etter at den røynde pianisten frå Voss sist var solist med Fossegrimen skal ho framføra Tveitt sin pianokonsert for aller fyrste gong.

- Det knyter seg ulike historier til når konserten vart skriven, men ein merkar i alle fall at dette er eit ungdomsverk og slik sett òg eit barn av tida. Eit tid då det nasjonale og nasjonalromantiske i musikken stod sterkt her til lands. Det er eit fascinerande stykke. Alle dei tre satsane har klare og sterke folkemusikalske parallellar. Heile konserten er litt rar, med vekslingar mellom det vare lyriske og det teknisk krevjande og veldige. Og når Fossegrimen seinare i konserten også skal framføra musikk av Rimskij-Korsakoff i Ravel sin versjon, er det også verd å nemna at ein meir enn anar inspirasjon frå nett desse to komponistane i Tveitt sin musikk. Det er eit utruleg flott verk å opna Fossegrimen sitt hundreårsjubileum med, og det er fantastisk kjekt å verta spurd om å vera solist i heimbygda, seier Riber. Og legg smilande til:


- Skulle applausen verta kraftig nok, så har eg ei perle av eit ekstranummer på lur!