annonse

11-åring i ulukke i Bavallen

VOSS: Midt på dagen onsdag var ei 11 år gammal jente involvert i ei skiulukke i Bavallen. – Jenta køyrde over eit sikringsgjerde og vart henta av ambulanse. Etter det me kjenner til skal det stå greitt til med jenta, fortel Bjørn Inge Aarsand hjå Voss lensmannskontor. Han seier at politiet vil mana alle til forsiktigheit i skibakkane.