annonse

15-åring vart truga med bank

VOSS: Politiet fekk natt til sundag klokka 00.30 melding om ei alvorleg hending på Voss, der ein 15-åring skal ha fått ein ungdomsgjeng etter seg som truga med å banka han. Guten klarte å springa frå gjengen og heim, der politiet kom for å snakka med han og foreldra. – Hendinga er knytt til ein fest i sentrumsområdet, der denne gjengen visstnok kom for å selja alkohol til mindreårige. Guten sa ifrå om at dette ikkje var greitt, og då skulle dei ta han. Me ser særs alvorleg på hendinga, det skal ikkje vera slik, seier Siri Tronerud Andersen i politiet på Voss. Politiet ynskjer tips om kven dei aktuelle personane kan vera, då dei har få beskrivingar ettersom 15-åringen ikkje kjente til dei frå før. Saka er meldt til politiet.