annonse

Ådne i Solan

HOPP: Ådne Rong Dyrdal (14), Bjørgum IL, deltok som einaste utøvar frå Hordaland Skikrets i Solan Gundersen vinterleker i Alvdal 1.–4. mars. Rennet gjekk i Sandeggbakken. Han deltok i individuelt hopp laurdag, sundagen var det laghopp der han stilte i lag med ein frå Oppland og ein frå Hedmark. Ådne hoppa i største bakken K47, laurdagen landa han på 32 m og 33 m og kom på 23 plass. Sundagen vart det 31 m og 32 m. Han var også prøvehoppar for kombinert torsdag og fredagen. Solan Gundersen vinterleker er hovudrennet i hopp og kombinert for klassane 12, 13 og 14 år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.