annonse

Årets fyrste heime-kampar

FOTBALL: Fbk Voss har heimekampar både for dame- og herrelaget denne helga. Damene opne 2. divisjonssesongen med ein sterk bortesiger over Haugar sist helg. Sundag tar kaptein Sanna Skulstad Dregelid og lagveninnene imot Arna-Bjørnar 2 på Olabanen. Herrelaget opna med tap borte mot Nymark, og laurdag jaktar Arne Førde sitt mannskap tre poeng når Søfteland kjem til Voss. Søfteland vann sin fyrste kamp over Minde. I 5. divisjon spelar Dale heimekamp i kveld mot Baune. Vaksdal opna med bortesiger over Fri, og spelar måndag heime mot Os 2. Osingane slo Dale ned i støvlane i fyrste seriekamp.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.