annonse

Arne Andersen tek over etter Kaldestad

VOSS: På årsmøtet i Raudt Voss nyleg takka Bjarte Kaldestad av som leiar, etter 16 år i vervet. Som ny leiar vart ein endå større partiveteran vald, nemleg Arne Andersen. I styret elles sit no: Tore Eikeland, Sidsel Vinsand, Johannes Brattebø og Tanya Kaldestad (representant for Raud Ungdom). Under årsmøtet løyvde Raudt Voss pengar til ein pott for ungdom som ynskjer å dra på studietur til Palestina. Det var òg løyvd midlar til ungdomslaget Voss Raud Ungdom, vert det opplyst i ei pressemelding lokallaget har sendt ut.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.