annonse

Båt laus på Vangs-vatnet

VOSS: Klokka 08:30 fredag morgon rykte politiet ut til ein båt som hadde slite seg på Vangsvatnet. – Båten vart teke hand om, og det var ikkje personar i han, opplyser lensmann Bjørn Inge Aarsand. Han har ei oppfordring: – Folk må vera flinkare til å fortøya båtar ved vatn og fjordar og sikra at dei ikkje tek av garde åleine. Det tek opp ressursar frå brannvern, politi og helsevesen og skapar unødvendig uro, seier Aarsand.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.