annonse

Bil køyrde i autovern

ULLENSVANG: Klokka 07.35 onsdag morgon køyrde ein bil i autovernet på rv. 550 ved Jåstad i Ullensvang kommune. Det var berre føraren i bilen, og ifylgje politiet skal han ha vore prega av sjokk og hatt smerter i nakken. Politi og ambulanse rykte ut til staden, og personen vart køyrd til sjukehuset i Odda for kontroll. Det vart ikkje meldt om brann eller lekkasje etter ulukka, og trafikken kunne passera på staden. Det vart meldt om glatt vegbane på veg til Jåstad, men det er så langt ikkje kjend om dette er årsaka til hendinga. Politiet har oppretta sak.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.