annonse

Bil på taket i Granvin

KVANNDAL/GRANVIN: Klokka 12.23 onsdag fekk 110-sentralen melding om ei singelulukke mellom Kvanndal og Granvin. – Ein bil var hamna på taket, og brannmannskap frå Granvin rykka ut. Det var ein person i bilen, som sjølv var kome seg ut av bilen då brannmannskapa kom fram. Føraren kom frå det heile utan store skader, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund. Han vil gjerne rosa bilføraren og andre på staden for god innsats. – Bilføraren fekk god hjelp av folk på staden. Dei hadde tatt av tenninga, tatt ut pulverapparat og gjort mykje godt førarbeid, seier Lund. Føraren av bilen vart sendt til legesjekk ved Voss sjukehus, og det var redusert framkomelegheit på strekninga under oppryddingsarbeidet. Lund kan ikkje seia noko om årsaka til ulukka på noverande tidspunkt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.