annonse

Bil stolen frå Fleischer`s

VOSS: Natt til fredag vart ein blå Ford Transit Connect stolen frå Fleischer`s Hotel. – Me ynskjer å få inn observasjonar av denne bilen, og dersom nokon har sett han, må dei ta kontakt med oss, oppmodar Håvard Skattum hjå Voss lensmannsdistrikt. Bilet har grøne skilt med kjennemerke VH 84543, og har to fartsstriper i sylv over panseret. – Me trur at bilen har blitt observert på Voss i helga, seier Skattum. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.