annonse

Bil vart påkøyrd bakfrå

VOSS: Berre minutt etter klokka 16.00 tysdag vart det meldt om ei trafikkulukke ved Lundarosen på Voss. Det var snakk om ein påkøyrsel bakfrå, der to bilar med til saman tre personar var involvert. Politi og ambulanse rykte ut til staden, der personane i den påkøyrde bilen vart sjekka av ambulansepersonell. – Det var ikkje personskadar og ingen mistanke om rusmiddel involvert, seier Bjørn Inge Aarsand hjå politiet på Voss. Ulukka skapte ikkje problem for trafikken elles. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.