annonse

Brak-nederlag for Dale

FOTBALL: Det rakna heilt for Dale mot slutten i kampen mot Os2, og til slutt stod det 9–0 til osingane. – Sjølvsagt ikkje noko kjekt dette, men det må seiast også, me møtte eit svært godt lag, seier trenar Sondre Larsen Bjordal. Han fortel også at Dale hang bra med fyrste halvtimen, men i andre omgang hang det ikkje heilt saman. – Eg gjorde også nokre endringar i pausen som langt frå slo ut slik eg ynskte, seier Larsen Bjordal. Men heilt utslegne er dei ikkje likevel. – Me gjorde det enkelt for dei i andre omgang, og me låg ikkje under med meir enn tre mål til pause, understrekar trenaren. Skuffa er dei sjølvsagt likevel, men ikkje motlause. – Dette må me berre gløyma snarast mogleg og koma oss vidare. Til neste kamp får me med fire spelarar som ikkje kunne denne gongen, og fredag denne veka går fyrste heimekampen. Då kjem Baune på besøk, som serieopna mot Varegg og tapte 0–1. Voss skal spela mot Søfteland heime, og Vaksdal skal ha heimekamp mot Os2, som ligg øvst på tabellen etter fyrste runden. Dale ligg heilt i andre enden av tabellen på botnen, Voss på sjuande plass og Vaksdal på tredje.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.